Strikkeblogging

Beibivottar:
2016 vottar

Snart kjem eg til å koma med råd om husstell òg, berre vent.

 

 

 

 

 

 

 

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

For vêr og vind

Born i nynorskland må ha rett til å møta nynorsk i barnehagen

 

I nokre sunnmørskommunar er det barnehagekjeda Gnist som driv ein stor del av barnehagane. Denne kjeda har bestemt seg for at dei brukar bokmål (sjå sak i Vikebladet Vestposten). Då må borna retta seg etter det, for det finst ingen lover eller reglar som seier at barnehagar som ligg i ein nynorskkommune må bruka nynorsk i noko av alt det lov- og rammeplanpålagde språkstimuleringsarbeidet dei driv. Dermed risikerer dei komande fyrsteklassingane å møta til fyrste skuledag – i ein nynorskklasse, på ein nynorskskule, i ein nynorskkommune, utan kjennskap til skriftspråket, men med ein solid bagasje av songar, rim, regler, barnebokheltar og skriveøvingar på bokmål. Det gjev dei ei ekstra bør som elevar.

Det er Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet som set rammene for barnehageverksemda (i tillegg til barnehagelova), og direktoratet produserer skriv på skriv om språkstimulering i barnehagen. Sjølv om barnehagen altså vert regulert som ein del av opplæringsfeltet, er opplæringsspråket i barnehagen nærast uregulert.

Målet med skriftspråkstimuleringa i barnehagen er å innlemma borna i skriftsamfunnet. Det er ein del av skuleførebuinga, men det er også ein del av førebuinga til det å bli ein deltakande samfunnsmedlem. I barnehagen skjer denne danninga inn i skriftkulturen mellom anna gjennom at dei vaksne les høgt for barna, gjennom ulike aktivitetar i tilknyting til biletbøker, arbeid med songar, rim og regler, gjennom at skriftspråk vert brukt i barnehagerommet (td. at det står namn på knaggen og hylla til kvart barn), at barna teiknar og skriv på eige initiativ i frileiktida, at dei teiknar og skriv på julepresangar og morsdagskort, gjennom at ungane brukar digitale medium på ulike vis, frå speling til googling til teikning og skriving, gjennom at dei vaksne skriv for å dokumentera ulike prosjekt dei har i barnehagen osb. Når alle desse aktivitetane er ein del av barnehagekvardagen, lærer borna noko om korleis ein er deltakar i skriftsamfunnet – og det har dei bruk for. I Noreg er dette skriftsamfunnet språkdelt, og barnehagen har eit ansvar for å danna borna inn i både den nasjonale og den lokale skriftkulturen – som mange stader er nynorsk.

Heldigvis finst det mange pedagogiske leiarar som er medvitne om at nynorskborn treng å møta nynorsk i barnehagen, og heldigvis finst det mange kommunar som er opptekne av det same – men fordi feltet er totalt uregulert, er det ingenting som sikrar at barn som skal ha nynorsk som opplæringsmål, faktisk møter nynorsk i barnehagen. Og då kan eit tilfeldig vedtak om å opna for private barnehagar feia nynorsken bort frå barndomane i nynorskland, utan at nokon eigentleg hadde meint det slik.

Difor trengst det ein språkparagraf i barnehagelova. Han må innehalda minst desse to punkta:

  • berre språkstimuleringsmateriell som finst i språkleg parallellutgåve kan takast i bruk i barnehagane (jamfør paragrafen om læremiddel i skulen)
  • barn i nynorskkommunar har rett til å møta det nynorske skriftspråket i barnehagen. Tilsette i barnehagar som ligg i nynorskkommunar har (anten barnehagen er kommunalt eller privat eigd og driven) har tilsvarande ei plikt til å bruka nynorsk i skrift.

Det finst alt ei setning i barnehagelova som handlar om samiske barns rett til å møta samisk i barnehagen. Det viser at språkregulering i barnehagen er mogleg – og nynorske born treng det for ikkje å vera overlatne til vêr, vind og tilfeldige private verksemder sine tilfeldige språkpreferansar.

(fokustekst i Klassekampen 2.3.2016)

 

Posta under Uncategorized | Éin kommentar

No har det skjedd her

22. juli 2011 sat eg på bussen inn til Bergen då me fekk høyra om det fyrste terroråtaket, bomba i regjeringskvartalet. Det var nokon framom oss som attfortalde. Dei var tydeleg skremde, og ein av dei sa ”Har det skjedd i Oslo, kan det skje her”.

Og Oslo, eller oslo vest, eller kva slags sosiale og geografiske område som ikkje kan vri seg unna tilknytinga til vår eigen norske terrorist, ser ofte ut som eit anna land frå Vestlandet, som eit land me ikkje har heilt det same ansvaret for som dei som bur der.

Og då dei byrja tenna på asylmottak i Sverige, tenkte eg i alle fall at det var eit anna land.

Men no – etter at hotellet som skal hysa flyktningborn i Lindås vart tend på, er ikkje høgreekstrem vald noko dei driv med i dei andre landa, der borte, eller lenger aust, eller i storbyen. No er han komen til oss. Det har skjedd her.

Eg merkar når eg skriv at det sit ein på skuldra og seier ”men er det ikkje å ta i litt å kalla det å tenna på asylmottak for høgreekstrem vald? Kanskje er det berre gutestrekar.” Og han typen på skuldra er kanskje like skremmande, han er eit hint om at normalen har flytt seg så langt at det å tenna på flyktningbustader nærmar seg ei ytring me må tola.

Men det å tenna på eit asylmottak er nettopp høgreekstremisme i praksis – det sender ei melding til lokalsamfunnet og til dei som skal bu på mottaket om at dei er i fare, det er nokon her som vil bruka vald for å fjerna dei – av di dei er utlendingar. Dette eksplisitte trugsmålet har asylmottaket i nabokommunen Radøy teke konsekvensen av, no er dei byrja med nattevakter der. Når mottakdsdrivarane vurderer faren som såpass stor at dei set i verk tiltak, kan me vel berre tenkja oss til korleis dei som bur på asylmottaket har det – dei som slike brannar er meinte å skremma. Terrorhandlingar verkar.

Og denne gongen kan eg ikkje snika meg unna at det også er mitt ansvar. Nordhordlendingar er mine folk. Dei er sånne som meg og alle andre frå utkantane rundt Bergen, som er vaksne opp med nynorsk på skulen og eit evig vanskeleg og skiftande forhold til Bergen og bergensarar, og kanskje til det meste anna. Strilar er ikkje sånne som tenner på asylmottak. Og kanskje har me vestlendingar flaks og slepper å revurdera oss sjølve denne gongen også, kanskje var det tilreisande, som det heiter.

Og kva gjer me når våre eigne, dei me på eitt eller anna vis er ansvarlege for, har gjort noko slikt?

Norske avisspalter dei siste fire åra syner oss to hovudstrategiar: å distansera oss frå personane (det var tilreisande, ev. ikkje tilreknelege) og å bagatellisera handlingane (populær frase i familieselskap på seinsumaren 2011: ”eg støttar jo ikkje handlingane hans, men..” Då  eit hus der det budde ein flyktningfamilie i Ulsteinvik vart påtend for andre gong i haust, var hovudsaka i lokalavisa at politiet ikkje hadde grunn til å tru at det låg noko rasistisk motiv bak handlinga).

Problemet med desse er at dei berre hjelper vårt eige samvit, det gjer ikkje lokalsamfunnet tryggare for dei som er utsette og det svekkjer ikkje den høgreekstreme valden.

Den einaste måten me som lokalsamfunn kan motarbeida at vald mot flyktningar skal vera ein del av kvardagen hjå oss, er å gjera det som me vestlendingar vanlegvis fryktar mest – å snakka med dei framande. Å innsjå at så lenge me ikkje er mellom dei som ynskjer dei framande velkomen og bidreg til å gjera kvardagen deira trygg, kan me for dei som ikkje kjenner oss, like gjerne vera på lag med brannstiftarane.

(ligg òg på bt.no)

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Har du gløymt noko, Ludvigsen?

Om norsk som språkfag

NOU-en Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser er nyleg sleppt, og skulenoreg vekslar mellom å skjelva i buksene og dirra av entusiasme. Heldigvis er det mange fleire ting enn NOU 2015:8 frå Ludvigsenutvalet som kjem til å avgjera korleis skulen og skulefaga i framtida vert sjåande ut.

Norskfaget er ei slagmark, og slik må det nesten vera med eit morsmålsfag. Og i alle fall når det er slik at kva som er den nasjonale kulturen og det nasjonale språket ikkje er overlate til staten åleine, men stendig er til diskusjon og politisk dragkamp mellom ulike grupperingar. Då vert gjerne resultatet at norskfaget får rolla som ein slags oppsamlingsplass der alle skal få med litt av sitt.

Ei slik skildring av faget passar kanskje ikkje med Ludvigsenutvalet sitt magiske ord «dybdelæring», men er eit godt utgangspunkt for norskfaget som literacyfag – eit fag der ein gjennom eigne erfaringar med skriving, lesing og snakking, og refleksjon over desse, vert danna inn i ein (mangslungen og motsetnadsfull) skriftkultur.

I førre rapport frå Ludvigsenutvalet, Elevens læring i fremtidens skole, var denne breidda skildra som problematisk, og det at nynorsk og bokmål finst i same faget, vart sett på som ei utfordring for djupnelæringa: «Prinsippet om at begge målformer skal brukes i arbeidet for å nå kompetansemålene, bidrar også til at bredde ser ut til å prioriteres foran dybde» (s. 77). I den nyaste rapporten har utvalet valt ei meir konstruktiv tilnærming til mangfaldet i norskfaget – men kanskje utan å heilt ha fått auge på det sjølve?

Her vert norskfaget fyrst og fremst omtala som språkfag. Det har fleire problematiske sider, men ei god: Å sjå norskfaget som språkfag der ein skal læra seg eit språkvitskapleg omgrepsapparat og samanlikna språk, er ein svært god måte å ta i bruk det språklege mangfaldet nynorsk og bokmål utgjer som ein ressurs i faget på, og ein viktig ingrediens i god sidemålsdidaktikk.

Pussig nok er ikkje språksituasjonen i norskfaget nemnt i avsnittet om språkfag i rapporten (sjå s. 52), eller nynorsk eller bokmål. Det kan vera fordi utvalet ikkje har hugsa på at nynorsk finst, eller det kan vera fordi det er ein underforstått premiss at eit norskfag som skal styrkja seg som språkfag må ta i bruk dei ressursane ein har til å læra om mellom anna grammatiske kategoriar, som Ludvigsenutvalet legg stor vekt på. Dei systematiske skilnadene mellom bokmål og nynorsk er eit svært godt utgangspunkt både for å lata elevar oppdaga grammatiske kategoriar induktivt, og for meir eksplisitt undervisning. Eg ser fram til å høyra meir om kva utvalet og andre tenkjer om norsk som språkfag. Dette kan verta eit fagleg meiningsfullt ordskifte.

(dette står som lesarbrev i Klassekampen i dag, men eg vil jo gjerne at fleire skal lesa det og delta i ordskiftet, gjerne også Ludvigsen sjølv)

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Litt spesielt

Å ikkje kunna språket lenger

Om att og om att såg eg videoklyppet der Erna Solberg seier «Men jeg synes det blir litt spesielt å gjøre dette om til et spørsmål om kvinner, eller bare likestilling» om altså, abort.

Sjølv om eg ikkje finn att klyppet, sluttar ikkje lydsporet å gå i hovudet. Den tilknytte argumentasjonen er at abort er eit stort og vanskeleg etisk spørsmål, som handlar om «både mann og kvinne som er gjennom den situasjonen» og i den samanhengen er legane sin reservasjonsrett viktig, for abort er også eit stort og vanskeleg spørsmål for dei, på same måten som det er for dei «kvinnene, eller familiene», som søkjer abort. (I internettsk etterpåklokskap, her ligg filmen, ho seier desse tinga ein sju-åtte minutt uti)

Med eitt slag er ikkje lenger det å vera gravid ein tilstand som råkar kvinnekroppen, det er noko som mann og kvinne er gjennom saman, i familiane. I abortlova står det at det er den gravide kvinna sjølv, som før veke 12 skal råda over embryoet i kroppen hennar. I lovverket er abort fyrst og fremst eit kvinnespørsmål. Sedd i høve til lovverket er såleis argumentasjonen til den nye statsministeren radikal. Men radikaliteten vert på magisk vis usynleg med frasen «det blir litt spesielt».

Det er vanskeleg å vita korleis ein skal svara argumentativt på dette. «Litt spesielt» er det språklege uttrykket for ei rynke over nasen, eit litt forundra andlet som ein møter når ein har gjort noko utanfor folkeskikken (og tru meg, kvinner som seier høgt at dei har teke abort, får høyra at dei er utanfor folkeskikken).

No trur eg ikkje denne opningstalen for den nye tida tyder at abortlova kjem til å falla om eit par år. Til det er retten ho vernar om for mykje brukt, av kvinner i alle samfunnslag og parti.

Meir sannsynlege konsekvensar av den nye regjeringa er ting som at bønder som har investert i maskiner og driftsbygningar gjennom spesielle landbrukslåneordningar finn ut at det einaste økonomisk haldbare er å selja landbruksjorda til hyttetomter eller bustadutvikling. At endå fleire kjem til å vera redde på jobben fordi endå fleire kjem til å vera mellombels tilsette. Det heiter i regjeringserklæringa eit ope arbeidsliv. Å prøva ut normerte sjukmeldingar, det vil seia at det ikkje er fastlegen som ut frå ei fagleg vurdering av pasienten skriv ut ei sjukmelding til pasienten sin, no skal han gjera den faglege vurderinga basert på ei liste over gjennomsnittleg sjuketid ved ulike diagnosar, vert også selt inn som ei hand til dei trengjande, ei hjelp mot utanforskapet. Difor skal det også «løna seg å jobba». I det ligg det ein ikkje-argumentativ mistillit til alle som av ulike grunnar ikkje er i arbeid – anten dei er arbeidslause, sjuke, uføre eller pensjonistar, ei halvkveda vise om at dei er i den situasjonen dei er i fordi dei har valt det av omsyn til eiga vinning. Alle venstresida sine forsøk på å rekna ut at det faktisk løner seg å arbeida kjem til kort mot dette, sidan argumentet ikkje gjeld at ein tener meir pengar på å arbeida enn på å leva av trygd, argumentet gjeld dei personlege eigenskapane til menneske som tek imot trygd. Men dei kan ein jo ikkje akkurat ta opp til eksplisitt debatt – det blir litt spesielt.

Det eg skjønar når eg høyrer statsministeren seia «litt spesielt», og den sjarmerande Torbjørn Røe Isaksen argumentera for å redusera uførepensjonen av omsyn til slitarane i arbeidslivet, er at eg har tapt og er i eit argumentativt landskap der eg ikkje veit korleis eg kan handla. Det er ikkje som å læra seg kva orda tyder for fyrste gong, og det er det vel ingen som hugsar når dei gjorde, men kanskje som å koma til eit land der ein for så vidt skjønar språket, men ikkje heilt når folk meiner alvor.

(det var laurdagens fokustekst i klassekampen, som vel avslører at eg verkeleg dont know what to do.)

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Dannelse på norsk

Det er kome endå ei ny bok om danning, eller var det to? Prosa har intervjua Helge Jordheim, Jon Haarberg og Ester Fremstad, alle tre ved universitetet i Oslo, om danning. Helge Jordheim seier mellom anna:

Dannelse har egentlig ikke stått sterkt i Norge. Jeg har gjort litt – riktignok overflatisk – begrepshistorie på det.

Haarberg: Når kom ordet dannelse med i konversasjonsleksikaene, da?

Jordheim: I 1908 er dannelse ikke med i Illustreret Norsk Konversationsleksikon. I Aschehougs leksikon fra 1920-tallet kommer dannelse med, men med en ekstremt merkelig definisjon som ikke har noe med vårt dannelsesbegrep å gjøre: ”tilordning av noe i et bestemt øyemed”. Så kommer de så vidt innom ”allmenndannelsen”, men da kun kritisk. Dannelsesbegrepet på denne tiden i Norge behandles altså dels perifert, dels kritisk.

Men så stig det opp ei sunnmørsk knirkerøyst frå Vår Frelsers Gravlund:

«Den Tanke, som betegnes ved «Kultur», bliver i mange Tilfælde ogsaa betegnet ved det danske Ord «Dannelse», og dette Ord maa vist være meget bekjendt her i Landet, da det nu i den senere Tid har været så jævnlig brugt i Skrift og Tale, at man næsten maa være ræd for at skræmme sine Læsere fra sig, naar man skal skrive om den Ting.»

Dette skreiv han i 1857. Det som er interessant, er kva slags danningsomgrep vår mann på Vår Frelsers Gravlund uttrykkjer:

«Dannelse kunde altsaa for det første betragtes som en Fremgang i Kundskab, Tænksomhed og gode Sæder, eller som den Tilstand, som Mennesket kommer til, naar det idelig samleg Lærdom og Forfarenhed, øver sig i at tænke og og skjønne paa alle vedkommende Ting, og vænner sig til en fredelig Omgang med andre Mennesker. Og forsaavidt kunde man da sige, at Dannelsen var et almindeligt Formaal, det vil sige: noget som de allerfleste kunde komme til, og som alle burde tragte efter.»

Dei som siktar vidare kunne «Ved god Veiledning og ved egen Tænkning […] komme til en større Skjønsomhed, en mere klar og ophøiet Betragtning af Livet, saa at de med større Lethed kunne finde Sandheden i en vigtig Sag og ikke så let blive forledede til falske Meninger om tingene, enten ved tilfældig Lyst eller Ulyst eller ogsaa ved indpræntede Forestillinger, som ikke ere blevne tilstrekkelig prøvede». Dette handlar om å utvikla kritisk dømekraft og prøving av fordomar.

Jordheim seier tidlegare i intervjuet at det er viktig å halda fast på danning som noko som er knytt til ålmenter og offentleg ordskifte. Det kommenterer ikkje Aasen direkte, om ikkje ein då ser det som underforstått i det få prøvd innprenta førestillingar. Men Aasens interesse i danningsomgrepet er knytt til det offentlege ordskiftet.

Det han vil med denne teksten er ikkje fyrst og fremst å fortelja at han òg veit kva dannelse er, men å argumentera for at danning ikkje står i motstrid til det å snakka det norske språket og ta vare på eigne skikkar (sjølv om han presiserer at det er nokre skikkar han også tykkjer det er heilt greitt å ikkje halda vedlike). Aasen sitt ærend med å snakka om danning er å seia at dersom det ikkje berre er eit moteord for alt som er fint og fjongt og utanlandsk, men har det innhaldet det påstår å ha, nemleg utvikling av kunnskap og dømekraft,  så må det vera råd å gjera dette på norsk. Opplysning burde føregå i norsk språkdrakt, for at flest mogleg skulle kunna ta del i denne danningsskatten.

Det Ivar Aasen gjer er altså å nytta danningsomgrepet sitt tydingsrom til å prøva reisa eit offentleg ordskifte om kva danningsideal ein skal halda seg med i landet, og kva det skal byggja på. Kvifor er det ingen som har spurt han om å vera med i noko danningsutval?

(dagens fokustekst i Klassekampen. Herleg å skriva om døde, kvite menn)

(og om du vil lesa Om Dannelsen og Norskheden av Ivar Aasen sjølv, kan du gjera det hjå Nasjonalbiblioteket)

Posta under målsak, politikk, tøys og fjas | 2 kommentarar

Supermann

Det slår meg stadig kor utruleg kor heldig eg er som har ein kjærast som aldri har lese, eller kva heiter det, «brukt» porno.

Ikkje for det, eg kan likevel samanlikna meg med fine damer på tv, eller på jobben, og tenkja at sånn skulle eg og sett ut. Det er alltid noko å samanlikna seg med om ein er interessert i å koma til kort. Men eg slepp å vera redd for at eg har sex med nokon som eigentleg ser for seg ei dame med ballongpuppar og barbert fitte. Eller at eg utfører noko som er koreografert i ein pornofilm, og så gjer eg det kanskje ikkje heilt bra nok. Eg kan vera oppslukt i puling og det er det, liksom.

Dette er ikkje berre fordi kjærasten min er ein fin fyr. Det er også fordi han var fjortis før internett hadde bilete. Og då eg møtte han hadde han vore med i alle slags radikale organisasjonar og fått eller teke eit standpunkt mot porno.

No må ein ikkje gå på bensinstasjonen og kjøpa blad, eller finna i gamle bunkar på hytta og i skur ute i skogen. Dessutan var det uansett ikkje levande bilete. No er visst norske fjortisar på europatoppen i pornosjåing på nettet, i fylgje EUKids Online, om lag ein tredel i alderen 9 – 16 svara at dei hadde sett porno siste året. Det kan vera mange grunnar til det, som ikkje treng handla om at norsk ungdomskultur i utgangspunktet er meir pornoorientert enn andre land sin, det kan ha med at nordiske ungdomar tradisjonelt er mindre overvaka av foreldra enn i ein del andre land, og at norske ungdomar er på topp når det gjeld smarttelefonar. At norske ungdomar ser mest porno kan vera ei av få forbanningar knytt til å vera verdas rikaste land meir enn eit uttrykk for ei spesiell pornointeresse blant norske ungdomar. Likevel har det noko å seia om pornoen er den fyrste inngangen til sex med andre enn ein sjølv, og i kva grad det er pornoen som utgjer biletsporet til kåtskapen vår.

Ei ganske banal sanning om porno er at det er mest bilete av damer. I dei gamle pornoblada var det bilete av sprikande damer medan mannen gjerne var representert ved ein stor ståpikk eller ikkje til stades på andre måtar enn tilskodar eller «brukar». Eg las pornoutvalet i ein kiosk ein månad 2006 for å skriva eit føredrag om det, eg veit ikkje om nettpornoen no er på same måten eller annleis, og eg vil helst sleppa å gjera ei grundig undersøking, men me kan rekna med at det framleis er mest damer ein kan sjå. På den måten slepp unge gutar i stor grad å sjå seg sjølve i pornoen, men dei kan ikkje unngå å sjå damer som berre er til for at andre skal få utløp for kåtskapen sin. Og sjølv om nettpornoen sikkert er meir mangfaldig enn den gamaldagse bladpornoen, er det sannsynlegvis også vanskeleg for unge jenter som ser eller dumpar borti porno å unngå å sjå noko som representerer ein sjølv som noko som berre er til for å verta pult.

Mine eigne leseerfaringar med Dag Solstad sine kvinnefigurar då eg gjekk på vidaregåande var truleg mindre nedbrytande, sjølv om eg hugsar eg var frustrert over mangelen på kvinner ein kunne identifisera seg med utan å leggja frå seg all sjølvrespekt.

No er kjærasten min lærar, og har teke jobben med å riva ned bilete av undertøymodellar i klasserommet. Det hindrar sjølvsagt ikkje elevane i å dela bilete på telefonen, men det set ein standard for korleis det er akseptert å sjå på kvinner i dette klasserommet.

Eg vonar det framleis veks opp slike gutar, trass i at nettpornoen finst. Og at ungdomsorganisasjonane framleis greier å skapa ein kultur for flørting og kjærasteri der porno ikkje er ein akseptabel referanse. Eg har ei dotter.

Dette er mitt bidrag i kampanjen Stopp Pornokulturen.

(dagens fokustekst i Klassekampen)

Posta under kvinnesak | Éin kommentar

Har du dårleg samvit no?

For nokre år sidan gav Anne Sandvik Lindmo og Helle Vågland ut boka Heia Mamma, ei slags «slapp av, dette fiksar du»-bok om å få barn. Då tenkte eg kva er poenget, liksom. Alle veit vel det. No har eg byrja skjøna kva dei snakka om. Det siste året har det vore eit renn av storøygde, alvorlege kvinner i frie yrke i tredve-førtiåra som fortel ærleg og inviterande om det dårlege samvitet sitt. Karianne Gamkinn skriv i Dagbladet:

Men den beklagelsen jeg følte da jeg sto med en gråtende ettåring på armen morgen etter morgen og ventet på at barnehagen skulle låse opp døra for oss var likevel den verste. Og da jeg fikk mitt andre barn valgte jeg å si opp fast jobb og jobbe redusert. […]Ja til å kjenne på om det er noe i den dårlige samvittigheten når vi står der med ettåringen om morgenen og venter på at barnehagen skal låse opp døra for oss. Prøver den å fortelle oss noe?

Er du ein av dei som ikkje har meir enn tolererbar mengd dårleg samvit, seier du?

Vi skryter av at denne hverdagen er likestillingens triumf, feminismens seier og et gode for menn, kvinner og barn. Men når du står der en mørk vintermorgen med en hylende unge som ikke vil i barnehagen, tenker du kanskje: Er jeg virkelig fri nå?, spør Linn Stalsberg.

Korleis kjennest det no?

Det er nærmest et krav at du ikke skal kjenne på smerten du kan få av å levere de små barna dine i barnehagen. Hvorfor får vi ikke kjenne på den smerten? Jo, fordi samfunnet sier vi skal jobbe, seier Nina Bjørk i Aftenposten.

Byrjar det gjera vondt no?

Eit malapropos, for dette passar aldri inn når me snakkar om denne smerta: Skulle ein snakka realpolitikk, kunne ein seia at ein har krav på permisjon (med pensjon, men ikkje løn) for å vera heime med barn når dei er under tre år, og at det er den modellen mange kvinner vel, for det er framleis kvinner sitt ansvar. Ein jobbar redusert: 80 prosent, eller 75 prosent, og så får ein det til å gå opp. Og mest så er det kvinner som gjer denne ordninga, og taper på det når pengane vert lagde saman. Det er ein av fleire grunnar til at me burde innføra kortare normalarbeidsdag: Folk vil ha meir tid til å vera med ungane sine, og med regulert kortare arbeidstid kan me fordela tida folk får med ungane sine jamnare mellom kvinner og menn, fattige og rike.

Men attende til saka: Etter nokre månader med dagleg lesing om det dårlege samvitet me kvinner har, så byrja eg jo lura på om det var noko i det, kanskje det berre var eg som ikkje kjende godt nok etter. Så då eg var hjå fastlegen med treåringen min som hadde hangla litt, spurde eg om me kanskje burde gje han ein halv dag fri innimellom, til dømes om onsdagane, sånn at han fekk koma seg litt. Han er jo ofte ganske sliten. Om både eg og mannen min jobba litt mindre kunne me jo få det til frå hausten. Burde me det? Nja, lækjaren meinte vel ikkje det var naudsynt, men me kunne no sjå det litt an.

Så me såg det litt an, og då eg byrja å levera guten med bil klokka åtte før eg leverte storesystra på skulen i staden for at mannen min skulle levera han kvart over sju, så slutta han å vera sliten. Eg får ikkje gå til jobben, som eg helst vil, men det går jo greitt.

Og sånn held me på. Me ordnar oss, sånn som folk gjer, og jobbar 80 og 90 og får det til. Samstundes ynskjer me oss andre vilkår. Men det desse skribentane gjer med å fortelja oss om smerta si er ikkje å føra ein kamp for eit anna samfunn med betre tid, men gjennom litterær manipulasjon å påføra andre kvinner skribentane si personlege smerte og slik avlæra oss å lita på eiga dømekraft. Det treng me ikkje.

(fokustekst i Klassekampen 27. mars)

Posta under kvinnesak, politikk | Merkt , , , | Kommenter innlegget

Den siste sumaren

Den siste sumaren eg budde i Oslo, såg eg politiet jaga fattigfolk gjennom gatene.

Eg kom opp frå tbanestasjonen på Grønland. Fyrst såg eg politibilane og nokre folk i uniform og refleksvest. Så såg eg ei bylgje av folk med plastposar og soveposar bevega seg bortover Grønlandsleiret, over Vaterlandsbrua, mot sentrum. Det såg ut som ein film. Redde menneske som vert jaga av menn i uniform er eit godt motiv.

Dei vart jaga gjennom gatene fordi politiet og kommunen meinte at dei kunne ikkje sova på gata. Sjølv om det ikkje er forbode. Men kvar skal ein elles sova når ein ikkje har nokon stad å bu og ikkje pengar til å kjøpa det? I avisene stod det at det ikkje var ein politiaksjon, men ein kommunal parkryddeaksjon med støtte frå politiet, på grunn av vond lukt og forsøpling. Så tilbaud ein person ei tomt så folk sette opp ein leir på Årvoll, i Groruddalen. Den stengde kommunen etter kort tid av «helsemessige omsyn». Ein kan diskutera kva som er sunnast av å bu trongt og tett utan ordentlege do og å ikkje ha nokon stad å bu. Så vart det sett opp ein leir ved Sognsvann, som også vart stengd etter ei stund. Eg veit ikkje kva som hende etter det.

At menneske budde på gata i Oslo av naud var ikkje politiet eller byrådet sitt problem, det var berre dei som ikkje hadde ein stad å bu sitt. Problemet til byrådet og politiet var at dei budde på gata. Det har me vorte mint om dei siste dagane. Politiet førebur seg til neste sumar. No har dei lansert eit framlegg om at det skal verta forbode å sova på gata i Oslo, dette skal visst bystyret ta stilling til (jf nettavisa Oslo by 1 februar, http://www.osloby.no/nyheter/Oslo-politiet-vil-innfore-soveforbud-7108362.html). Siv Jensen kjem med eit oppfylgingsutspel om at dette er veldig bra så lenge politiet praktiserer det slik at nordmenn framleis skal få bu på gata. Spesialeininga for politisaker har kritisert oslopolitiet for å ha køyrt heimlause av byen og sett dei av åleine på ukjend stad, utan å loggføra det. Dette har Spesialeininga undersøkt etter at nokon av dei bortkøyrde har klaga. Spesialeininga legg til grunn at bortkøyringane har skjedd, men av di dei ikkje er loggførde er det uråd å vita kva som har hendt utover det, og difor må sakene leggjast bort. Dei legg lakonisk til: «Praksisen med bortkjøring begrunnes med at den bortkjørte da vil velge å dra hjem, i stedet for å dra tilbake til byen. En slik tankegang vil ikke ha effekt overfor bostedsløse»

No har eg flytt frå byen, til ein stad der alle bur i hus, og slepp å tenkja meir på dette. Men oslobuarar er tvinga til å møta nauden i Europa att neste sumar. Arbeidslause fattige menneske kjem til å koma hit frå Europa for å tena pengar. Me har ikkje lenger lov til å stogga dei på grensa. Og denne gongen har politiet tenkt å vera budde.

I Arbeidarpartislagordet heiter det «alle skal med». «Sei hei, ver ein ven, bli med», oppmodar barne-tv ungane om. Politiet og oslopolitikarane ser på menneske i naud som eit ordens- og hygieneproblem, og difor er løysinga rydding og fjerning. Hadde dei lokale representantane for staten i hovudstaden tenkt at fattige romfolk var menneske som meg og deg, hadde dei kanskje kome på at dei ikkje forsvann når det vart mørkt, men trengde ein stad å sova. Dei kunne spurt dei kvifor dei sov der dei sov, om det gjekk an å ordna noko overnatting andre stader, om dei trong informasjon om korleis ein skaffar seg jobb, og kva dei elles tenkte om situasjonen, slik ein gjer når det er kome nye folk til gards. Men når ein fyrst har byrja med opprydding, er det vanskeleg å sjå noko anna enn drit.

(gårsdagens fokustekst i Klassekampen, men der stod han vel med tittelen «alle skal vekk», av di eg hadde vore så fjern at eg aldri fann på nokon tittel sjølv)

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Drit og glitter

«Hei, syster, alt du tek i vert til drit», hadde eg tenkt å skriva. Eg hadde lese etikkprofessor Arne Johan Vetlesen seia at doktorgraden er det nye hovudfaget (Klassekampen 11. desember). Det er vorte så mange doktorgrader dei siste åra og avhandlingane er så korte og enkle at dei er ikkje meir verde enn eit hovudfag. Det Vetlesen ikkje sa, var at ein stor del av denne auken består av at kvinner har byrja å ta doktorgrad: halvparten av dei som leverer doktorgrad no er kvinner. Når kvinnene inntek nye akademiske posisjonar, vert posisjonane mindre verde. Eg er nesten ferdig med ein doktorgrad, det er difor eg tek det personleg.

Akkurat no har internasjoanle testar sagt at norske elevar ikkje er så dårlege til å lesa, men når dei er det, er det kvinnene som får skulda, det vert gjerne kalla feminisering av skulen. Foreininga Les gav ut heftet «Les for meg, pappa», der dei skreiv at det var mest mor som las for ungane, men det var far som var det viktige leseførebiletet for ungane. Underteksten er at når kvinner formidlar litteratur og leseglede til ungar gjer dei lesing til ein jenteting og dermed noko drit som gutane ikkje er interesserte i.

Før kriseoppslaga om at barnehagane er underbemanna kom, var det mange som snakka om at det var skadeleg for småungane å berre vera saman med damer i barnehagen heile dagen. Det var så vanskeleg for gutane når dei ikkje hadde mannlege førebilete. Som om ungar under skulealder var saman med menn i arbeidstida før det vart vanleg å gå i barnehage

Fyrste gongen eg møtte denne versjonen av røynda var som ein påstand då eg var student. Ein kompis hadde vore på eit møte i Raud Ungdom og lært at jobbar som vert tekne over av kvinner ofte misser status, som veterinæryrket og læraryrket. Eller utdanning. Eller å vera flink på skulen. Eg vart så sint, eg hugsar ikkje om eg slo. Dette kunne ikkje vera sant, for kva skulle ein som jente gjera då, liksom?

Ein arbeider hardt og trur ein er flink, og så kjem dei som har greie på det og seier at det ikkje er verdt nokon ting: «Å, så du er nesten ferdig med ein doktorgrad? Men det er det nye hovudfaget, veit du». Tilbake til start.

Og difor hadde eg tenkt å koma med denne påminninga om at alt me kvinner tek i vert til drit, og at då fekk me vel berre gå over til å gjera jobbar som burde devaluerast, som å steikja biffen eller opna vinflaska, eller i desse joletider: skjenkja akevitt til jolemiddagen eller vaska bilen på jolaftan føremiddag, som eg har høyrt er ein mannejobb.

Vel, men så sat eg i bilen min, då, og køyrde mellom Anda-Lote og Folkestad-Volda og så kom DDE på radioen med den for meg ukjende klassikaren Verdens beste stjernegut, med strofene «Æ lista mæ stillt innpå rommet/Du hadd’ endelig sovna te slut/Du va trist for du fikk itj vær’ Lucia/ Berre for at du va gut» og «Neste morra vart vi vek’t tidlig/Av den fine Lucia-sangen/Med adventskransen på haue/stod du og sang i gangen» (les heile teksten på heimesida til DDE).

Og då skjøna eg to ting: 1. Glitter vil dei ha, karane. Og 2: Når Bjarne Brøndbo i det ultrafolkelege DDE syng sentimentalt om barnehageguten hans som var så lei seg for at han ikkje fekk vera Lucia, og at det er heilt greitt for ein gut – då er ikkje det at gutar vil vera lucia berre vitseteikningar eller svensk barne-tv. Då er det kanskje likevel håp om endring av verdiskalaen, då.

Kanskje det ein dag vert slik også for vaksne gutar at ikkje alt som kan knytast til kvinner er mindre verdt. Sjølv om doktorgraden nok aldri vert så fjong som han var for tjue år sidan. God jol!

(dagens fokustekst i klassekampen)

Posta under politikk, tøys og fjas | Kommenter innlegget