Dannelse på norsk

Det er kome endå ei ny bok om danning, eller var det to? Prosa har intervjua Helge Jordheim, Jon Haarberg og Ester Fremstad, alle tre ved universitetet i Oslo, om danning. Helge Jordheim seier mellom anna:

Dannelse har egentlig ikke stått sterkt i Norge. Jeg har gjort litt – riktignok overflatisk – begrepshistorie på det.

Haarberg: Når kom ordet dannelse med i konversasjonsleksikaene, da?

Jordheim: I 1908 er dannelse ikke med i Illustreret Norsk Konversationsleksikon. I Aschehougs leksikon fra 1920-tallet kommer dannelse med, men med en ekstremt merkelig definisjon som ikke har noe med vårt dannelsesbegrep å gjøre: ”tilordning av noe i et bestemt øyemed”. Så kommer de så vidt innom ”allmenndannelsen”, men da kun kritisk. Dannelsesbegrepet på denne tiden i Norge behandles altså dels perifert, dels kritisk.

Men så stig det opp ei sunnmørsk knirkerøyst frå Vår Frelsers Gravlund:

«Den Tanke, som betegnes ved «Kultur», bliver i mange Tilfælde ogsaa betegnet ved det danske Ord «Dannelse», og dette Ord maa vist være meget bekjendt her i Landet, da det nu i den senere Tid har været så jævnlig brugt i Skrift og Tale, at man næsten maa være ræd for at skræmme sine Læsere fra sig, naar man skal skrive om den Ting.»

Dette skreiv han i 1857. Det som er interessant, er kva slags danningsomgrep vår mann på Vår Frelsers Gravlund uttrykkjer:

«Dannelse kunde altsaa for det første betragtes som en Fremgang i Kundskab, Tænksomhed og gode Sæder, eller som den Tilstand, som Mennesket kommer til, naar det idelig samleg Lærdom og Forfarenhed, øver sig i at tænke og og skjønne paa alle vedkommende Ting, og vænner sig til en fredelig Omgang med andre Mennesker. Og forsaavidt kunde man da sige, at Dannelsen var et almindeligt Formaal, det vil sige: noget som de allerfleste kunde komme til, og som alle burde tragte efter.»

Dei som siktar vidare kunne «Ved god Veiledning og ved egen Tænkning […] komme til en større Skjønsomhed, en mere klar og ophøiet Betragtning af Livet, saa at de med større Lethed kunne finde Sandheden i en vigtig Sag og ikke så let blive forledede til falske Meninger om tingene, enten ved tilfældig Lyst eller Ulyst eller ogsaa ved indpræntede Forestillinger, som ikke ere blevne tilstrekkelig prøvede». Dette handlar om å utvikla kritisk dømekraft og prøving av fordomar.

Jordheim seier tidlegare i intervjuet at det er viktig å halda fast på danning som noko som er knytt til ålmenter og offentleg ordskifte. Det kommenterer ikkje Aasen direkte, om ikkje ein då ser det som underforstått i det få prøvd innprenta førestillingar. Men Aasens interesse i danningsomgrepet er knytt til det offentlege ordskiftet.

Det han vil med denne teksten er ikkje fyrst og fremst å fortelja at han òg veit kva dannelse er, men å argumentera for at danning ikkje står i motstrid til det å snakka det norske språket og ta vare på eigne skikkar (sjølv om han presiserer at det er nokre skikkar han også tykkjer det er heilt greitt å ikkje halda vedlike). Aasen sitt ærend med å snakka om danning er å seia at dersom det ikkje berre er eit moteord for alt som er fint og fjongt og utanlandsk, men har det innhaldet det påstår å ha, nemleg utvikling av kunnskap og dømekraft,  så må det vera råd å gjera dette på norsk. Opplysning burde føregå i norsk språkdrakt, for at flest mogleg skulle kunna ta del i denne danningsskatten.

Det Ivar Aasen gjer er altså å nytta danningsomgrepet sitt tydingsrom til å prøva reisa eit offentleg ordskifte om kva danningsideal ein skal halda seg med i landet, og kva det skal byggja på. Kvifor er det ingen som har spurt han om å vera med i noko danningsutval?

(dagens fokustekst i Klassekampen. Herleg å skriva om døde, kvite menn)

(og om du vil lesa Om Dannelsen og Norskheden av Ivar Aasen sjølv, kan du gjera det hjå Nasjonalbiblioteket)

Advertisements
Dette innlegget vart posta under målsak, politikk, tøys og fjas. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Dannelse på norsk

  1. Knut seier:

    Det er alltid interessant å lesa om danning og tematikken er stadig aktuell, syner det seg. Du gjer det ikkje mindre interessant ved å syna til Aasen. Eg var ikkje kjent med at også han hadde meint noko om danningsomgrepet, så takk for nyttig innspel. Håpar det kjem fleire innlegg på bloggen din etter kvart 🙂

  2. Gudrun seier:

    Takk skal du ha! No tenkte eg å prøva å vekkja bloggen opp frå dvalen, i dag, faktisk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s