Septemberdiktet

Inspirert av Jostedalsrypa prøver eg meg med månadens dikt, berre at dette har eg laga sjølv. Takk til Jone Aareskjold, som ein gong i ein bitter krangel (kan det ha vore i 1997? 98?) kom med den drepande sluttkommentaren: «Den som tek andre sine ting vil ikkje eg ha noko med å gjera».  Nokre av oss brukar litt tid på å svara.

DEN SOM TEK ANDRE SINE TING, DET ER MEG

å ta ting i butikken,
å snika på trikken,
å gå på loppis og fylla ein pose.

Kransekakeringar, puddingform, mandelkvern, pylsehorn,
ein bleikrosa kjole med sveittelukt,
minkpels med møllkuler (den får hanga),
sko som er nesten ikkje brukte.

Og dessutan:
å krølla hjørna på andre sine bøker,
å hugsa lukta på andre sine bad,
å få ei skive.

Og til deg som stakk av med pysjbuksa mi
i 1999:
ok, då. Eg vonar ho lukta så godt som du tenkte.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Septemberdiktet

  1. Eli seier:

    Godt. Eg ser du er om mogleg endå meir romantisch enn meg og Hermann Hesse.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s