Sidemålsundervisninga er svar på ein retorisk situasjon

Sidemålsmotstanden vert ikkje skapt av norskundervisninga

Ein ungdomsskulelærar snakkar på fyrste foreldremøte om kor viktig det er at foreldra syner positive haldningar til skulen og faga. Ein far rekkjer opp handa: «Meiner du me skal seia til ungane at dei skal lika nynorsk?»

Ein annan ungdomsskulelærar, norsklærar, kjem inn i klassen sin og skal dela ut skriveoppgåver på nynorsk som sidemål. Dette er i februar 2012, kort tid etter at utdanningsministeren kom med utspel om å fjerna karakteren i sidemål. Ein av elevane rekkjer opp handa: «Sa ikkje utdanningsministeren at me skulle sleppa sidemål, då?»

I norsk skule er det framleis slik at det i stor grad er lærebøkene som legg premissane for undervisninga. Det er kanskje grunnen til at det ofte vert sagt at når mange er mot sidemål, så er det fordi lærebøkene og undervisningsopplegget er for dårleg. Nynorsksenteret, Noregs Mållag og lokale eldsjeler har sett i gang utviklingsarbeid for å laga betre opplegg for sidemålsundervisning – og det trengst.

Men betre undervisningsopplegg gjer ikkje at læraren slepp å svara på spørsmåla i dei innleiande anekdotane. Min påstand er at spørsmål som desse utgjer ein retorisk situasjon som legg premissane for sidemålsundervisninga i mange klasserom, i staden for lærebøker og undervisningsopplegg.

Ein retorisk situasjon er eit sentralt omgrep i retorikken, og enkelt kan ein forklara det som ein situasjon som krev eit svar. Som å verta fridd til, eller då statsministeren skulle tala til folket etter terrorhandlingane 22. juli i fjor. Eller som lærar å undervisa i nynorsk som sidemål når det vert stilt spørsmål ved legitimiteten til emnet, både frå elevane og det siste året: utdanningsstyresmaktene sjølve. 

I denne retoriske situasjonen finst det fleire moglege svar, men det enklaste er kanskje å seia noko a la «nei, dette skjønar ikkje eg heller poenget med, men de skal ha karakter i det, så då må de ha det». Har ein gått inn i situasjonen med dette svaret, ligg det nært å plassera seg i ein retorisk situasjon der neste trekk er å handla mot den karaktersetjande overmakta.

Finst det måtar å svara på dette retoriske kravet om å legitimera seg eller døy på, som er andre enn å gje etter eller å delvis gje etter ved å seia «ja, eg skjønar godt at du tenkjer slik når læreboka er så keisam»? Og det andre spørsmålet er kven som har høve til å svara eller endra vilkåra for svara, og om det er i nokon si makt å endra den retoriske situasjonen?

Utdanningsministeren har som sjef høve til å stadfesta sidemålet sin posisjon i skulen og på den måten gje lærarane som skal gjera jobben, ryggdekning. Eller ho kan lata vera. For lærarar krev det å svara på kravet om legitimering meir enn berre retorisk kunne: det å grunngje og utføra sidemålsundervisning krev både språkhistorisk og grammatisk kunnskap og kunne, interesse for norsk språk og evne og vilje til å leggja fram og ta i mot motinnlegg når det gjeld dei grunnleggjande dimensjonane ved faget. Det er ikkje nødvendigvis lett.

Eg vil gjerne at det skal vera lettare. Men då må nokon som har meir makt enn den einskilde læraren gje den retoriske situasjonen han og ho står i i sidemålsundervisninga, ein dytt. Dessutan, om me som vil nynorsken vel skal gjera noko frå eller til i denne situasjonen, må me i det minste erkjenna han som ein retorisk situasjon og ikkje tru at årsaka til sidemålsmotstanden er å finna i norskundervisninga.

(fokustekst i Klassekampen laurdag 18. august, der under tittelen «Får vi sleppe sidemål»)

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s