Nøkternt, men forsvarleg

Barnehagen til ungane mine har ingen styrar. Slik har det vore eit halvår eller noko, etter at den førre styraren slutta. No er styraren for ein annan barnehage mellombels styrar for vår òg, og me har fått brev om at det er uvisst når det er ny styrar på plass. Det sparer nok groruddalsbydelen vår nokre kroner på.

«Bydelens situasjon i 2011 har vært preget av en stram økonomi og aktiviteter som er tilpasset de økonomiske rammene. Nøktern og forsvarlig tjenesteyting er fortsatt bydelens hovedfokus»  står det i årsmeldinga til bydelen.

Frasen nøktern, men forsvarleg, er mest vanleg å bruka i omtalen av krav til standarden på asylmottak, mellom anna i NOU 2011:10: I velferdsstatens venterom  (Sjekk gjerne Google sjølv!). Dette er grunngjeve med at asylmottak skal ikkje vera ein stad å verta verande, ingen skal ha lyst til å bli der. Men i bydelane er det jo nettopp meininga at folk skal bu. At bydelsadministrasjonen adopterer formuleringa, tykkjer eg difor det er vanskeleg å finna ei heilt klår meining i, men det skremmer meg.

Det får meg til å tenkja at dei som har formulert dette «hovudfokuset», ikkje ser føre seg å vera avhengige av offentlege tenester i bydelen. Det er ikkje dei som bur på asylmottak som krev nøktern, men forsvarleg standard, og det er heller ikkje menneske busette i bydelen  som har definert standarden for dei offentlege tenestene. Lokalpolitikarar og andre menneske i bydelen er nemleg underlagde bydelsdirektøren, som må svara til byrådet. Og bydelsdirektøren bur ikkje akkurat i bydelen vår heller.

Samstundes som bydelen har som hovudfokus å yta nøkterne, men forsvarlege tenester, som vil seia å kutta i alt som ikkje er lovpålagt og «unngå merkvalitet» i tenestene dei er lovpålagde, har Oslo kommune ingen problem med å finna pengar til å arrangera OL om nokre år. Å byggja ny hoppbakke gjekk òg greitt, sjølv om det kosta mykje meir pengar enn budsjettert. No skal utdanningsetaten leiga inn konsulentar frå Ernst og Young til 2-3 millionar for å finna ut korleis osloelevar skal betra resultata sine (Klassekampen 03.05.2012). Det har dei råd til.

Ein av grunnane til at det går an er finansieringssystemet til Oslo kommune. Det er slik at kommunen har sett opp ein modell som avgjer kor mange pengar kvar bydel skal få til ulike tenester dei må yta. Dersom bydelen har fleire som treng sosialhjelp enn det kommunen har rekna inn i fordelingsmodellen (det har bydelen vår, og det veit kommunen), må bydelen ta pengane frå ein annan stad, til dømes ungdomsklubb eller aktivitetstilbodet på eldresenteret, sidan sosialhjelp er lovpålagd. Det er ikkje slik at bydelen får pengar frå kommunen basert på utgiftene dei har, ikkje ein gong basert på dei lovpålagde utgiftene. Bydelane får den potten byrådet har sett av, og så får bydelspolitikarane skulda når den ikkje strekker til.

Det vil seia at kommunen sitt eige finansieringssystem er designa slik at byrådspolitikarane skal sleppa å stå til ansvar for dei kommunale tenestene, og for dei politiske prioriteringane dei gjer.

Kanskje den sparte styrarløna i barnehagen vår gjekk til sosialhjelp? Det kan eg leva med. At byrådspolitikarane vel å bruka pengane på OL-, hopp og konsulentfest ved hjelp av snippetrikset «det er eit anna budsjett», og så viftar med peikefingeren og krev «nøkternheit» av dei som driv barnehagar, helsestasjonar og sosialhjelp, er vanskelegare å forsona seg med.

Eg ynskjer meg ein by der politikarane og dei kommunale direktørane er ein del av samfunnet dei er sette til å styra.

(fokustekst i Klassekampen 20 mai, trur eg. Internettet tek så lang tid når det er sol)

 

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Groruddalen, politikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s