Å løysa opp lim

Jonas Gahr Støre fekk mykje merksemd då han sette ned eit utval for å finna ut kva som batt samfunnet vårt saman, kva limet i samfunnet bestod av. Om Støre har funne limet, kan han ikkje ha fortalt det til så mange andre.

For dette er det gjengen hans seier: «Følelsesmessig sier vi alle ja i møte med det ene barnet. Det er når man trekker oss tilbake og tenker over konsekvensene at tvilen melder seg» (Stoltenberg). Og som eit ekko: «Følelsesmessig ønsker jeg at asylbarna skal få bli i Norge. Men for å være ærlig, det er ikke det jeg egentlig mener.» (Astrid meland ).

Og som ei utdjuping: «Vi må passe oss veldig for å lage et system der man kan bruke det at man har barn til å la være å respektere vedtak som er gjort basert på lover og regler» (Jens Stoltenberg) . Og som eit ekko: Faremo er sitert i dei fleste avisene på at foreldre som ikkje dreg friviljug til Etiopia skyv borna framfor seg.

Nett no gjer Det Norske Arbeidarpartiet ein storstilt innsats for å skuva det å bry seg om andre menneske ut frå politikken, ved å framstilla det som føleri og «det enkle valet». Dei har ein relativ suksess. Politiske kommentatorar som Astrid Meland, Hanne Skartveit og vår eigen Mimir Kristjansson fylgjer opp med analysar som fortel at problemet er at det norske folket er så lettrørt: Alle bryr seg jo om lagnaden til nokon dei vert kjende med og såleis oppfattar som menneske, men me kan jo ikkje la det liggja til grunn for politikken.

Hadde leiinga i arbeidarpartiet oppfatta redde etiopiarar som alminnelege menneske på line med meg og deg, hadde dei ikkje kalla dei returnektarar eller skulda dei som freistar å få plassert borna sine hjå andre i Noreg før dei sjølve vert henta av politiet, for å skuva ungane framfor seg.

Eg kunne ha sagt, som eg også tenkjer, at utan evna til å ta innover seg andre menneske sin lagnad og stå saman med dei og lata det danna grunnlag for politikk, hadde me ikkje hatt noka arbeidarrørsle og arbeidarparti og alt det som gjev ministrane våre jobb i dag. Men det veit dei jo. Det eg er usikker på, er om leiinga i Arbeidarpartiet heilt veit kven dei slepper ut av sekken ved å snakka på denne måten.

Eg er ikkje sikker på om Stoltenberg og dei heilt har fått auge på at talen deira utdefinerer den menneskelege evna til å bry seg om andre menneske frå politikken, og bidreg til å dehumanisera andre menneske ved å ikkje tilkjenna desse flyktningane alminnelege kjensler og vurderingar, som å vilja det beste for ungane sine, frykt i møte med risiko for død og tortur. Desse menneska elskar ikkje ungane sine, dei skyv dei framfor seg. Desse menneska er ikkje livredde for forfølging, dei er returnektarar. Det kan henda Stoltenberg tenkjer at dette er ein retorikk som ikkje får fylgjer for andre enn dei 700 som no skal kastast ut.

Men for å seia det heilt tydeleg: Det som bind samfunnet vårt saman er at me ser på andre menneske i samfunnet som like menneskelege som oss sjølve, og føler at det vedkjem oss når me høyrer om korleis dei har det, og meiner at dei er like verdige til ei trygg framtid som oss sjølve.

Dette potensialet for samstende arbeider statsministeren og arbeidarpartiet no hardt for å riva sund, alt for å få deportert om lag 700 etiopiarar. Hadde eg vore Jonas Gahr Støre, hadde eg spurt meg om det var verdt det.

(laurdagens fokustekst i KLassekampen)

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Groruddalen, politikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s