Språklaus

Far min vs Kristin Halvorsen

«Vil de gjøre ungdommen språkløse?» sa far min. Han ringde meg ein av dagane etter at Kristin Halvorsen hadde lansert framlegget om å svekkja sidemålsopplæringa. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle svara.

Far min er 70 år og bergensar. Han har aldri lært nynorsk på skulen, korkje som hovudmål eller sidemål, for han gjekk ikkje på gymnaset. Det meste av arbeidslivet sitt har han arbeidd i Trygdeetaten i Hordaland, i Bergen og på Askøy. Kvifor skulle han bry seg om nynorsk?

Ein av dei mange kranglane eg hadde med far min då eg var mindre handla om nynorsk. Kanskje eg var tolv år, me stod og vaska opp på hytta. Eg hadde høyrt på radioen at professor Finn Erik Vinje var mot nynorsk. Pappa trudde ikkje på meg: Ein professor i norsk språk kunne då ikkje vera mot nynorsk!

Kristin Halvorsen og utdanningsdirektoratet seier at mange elevar og lærarar tykkjer det er vanskeleg og ikkje noko gøy med skriftleg opplæring i sidemål, så då må dei få sleppa det. Dei seier og at det einaste ungdomane skulle kunne ha bruk for sidemål til, er om dei får ein jobb i det offentlege som krev slik kompetanse, og det er det jo ikkje så mange ungdomar som ser føre seg.

Til dette svara altså far min, den tidlegare trygdesjefen: «Vil de gjøre ungdommen språkløse»?

I Trygdeetaten er ein underlagd mållova. Når far min og kollegaene hans fekk brev på nynorsk, svara dei på nynorsk. I og kring Bergen kommune er det ein del nynorskbrukarar, så far min har nok skrive nokre brev på nynorsk. For han var det ein del av jobben, og ein føresetnad av den todelte lojaliteten som tilsett i velferdsstaten: lojalitet andsynes staten og lovverket, og andsynes brukarane (som han seier). Dessutan mistenkjer eg at i det å ha lært seg å meistra nynorsk bra nok til å bruka det når arbeidet krev det, ligg ei viss stoltheit.

Den premissen utsegna til far min kviler på, og den språklege praksisen hans i Trygdeetaten, er at nynorsk tilhøyrer også dei som ikkje har hatt det som hovudmål på skulen. At nynorsk er ein del av språket til oss som bur i Noreg, anten me har lært det på skulen eller ikkje. Og at ved å ta bort den ålmenne opplæringa i nynorsk frå skulen, gjer ein «ungdommen» språklaus. Far min har tileigna seg språket på eiga hand, gjennom å ha ei nynorskbrukande kone, nynorskbrukande ungar og ei fast stilling i staten som har kravd nynorskbruk av han. Fordi han har tileigna seg nynorsken, er han i stand til å sjå at det er noko som er verd å ha, og at å fjerna opplæring i språket såleis er å ta noko frå «ungdommen»: ein del av språket deira, anten dei vil ha det eller ikkje.

Den verdsåskodinga far min her talar frå, er truleg absurd for Kristin Halvorsen og utdanningsbyråkratane hennar. Hadde dei delt denne måten å sjå verda på, hadde dei handla annleis. Det er ikkje ei verdsåskoding som dominerer i ålmenta, men kanskje nett difor verd å dra fram som mogleg: at fordi me bur i Noreg, er nynorsk ein del av språket vårt, som det er eit ideal å både verna om og å meistra i skrift sjølv. Og at dette ansvaret for å verna om språket ligg ekstra tungt på dei som representerer staten eller «det offisielle Noreg»: anten dei er trygdefunksjonærar, lærarar, universitetsprofessorar eller utdaningsbyråkratar. Eller ministrar, kunne ein seia.

Dessutan ser eg, som nynorskbrukar: Di fleire som tenkjer slik som far min, og ser nynorsk som ein del av språket til alle i Noreg, og opplæring i nynorsk som ein sjølvsagd del av opplæringa i norsk språk, di lettare og trivelegare vert det å vera nynorskbrukar. Grunnen er enkel: respekt.

(dagens fokustekst i klassekampen)

Advertisements
Dette innlegget vart posta under målsak, politikk. Bokmerk permalenkja.

3 Responses to Språklaus

  1. Hege F. seier:

    Mogeleg eg misforsto Halvorsen (og eg er uansett slett ikkje sikker på at eg er einig med henne), men eg forsto det ikkje slik at skriftleg sidemålsundervisning skulle vekk, berre at ein ikkje skulle ha ein separat karakter i det. Derimot at skriftleg sidemål skulle telle i ein sams skriftlegkarakter. Om ein skulle vere litt fandenivoldsk, kunne ein jo då tenkje at folk ikkje lenger kan tillate seg å ha ein dårleg sidemålskarakter («for herreguuuuuud, det er jo bare nynorsk, altså»), men rett og slett må legge seg i selen med nynorsk for å få ein akseptabel «hovudmåls»- (det vil seie skrifteg)-karakter….

    Og det kunne ein jo forsåvidt betrakte som ei sniknynorskifisering….

    No er dette enn så lenge eit framlegg, men trur generelt på å ikkje gå i skyttargravene. Eg trur på nynorsken, og trur det finst mange vegar, om ikkje til Rom så til Ivar Aasen-senteret of Samlaget. Pedagogisk trur eg at verkemiddel bør vurderast etter testa og påvist effekt, og ikkje etter korvidt dei er korrekt vedtekne i Mållaget. Personleg trur eg på brei og tildleg munnleg- og skjønnlitterær eksponering. Helst frå barnehagealder av, men igjen, dette må ein jo rett og slett berre teste effekten av.

    Eg er altså heilt einig i hovudpoenget ditt her, at vi ikkje må etterlate ungdommar språklause, eg nøler berre litt med å avvise forslaget. Eg ser for meg andre mogelege effekter enn svekking. . Men kan hende følgjer eg mållaget i dette – etter kvart 😉

    PS: Likar namnet på bloggen din 😉

  2. Veldig bra innlegg. Vart mest «språklaus» so godt og viktig det var. Det handlar om å sjå verdien, så vert det ikkje så vanskeleg å lære.

  3. gudrunkj seier:

    Hei, Hege!
    Du har rett i at Halvorsen ikkje sa at undervisninga i sidemål skal bort. Ho gjekk god for at kompetansekravet i sidemål skal reduserast (seinare har ho vore litt meir uklår om det, heldigvis), og framlegget frå utdanningsdirektoratet innebar i tillegg å fjerna eigen karakter på ungdomsskule og vidaregåande, og fjerna eksamen på vidaregåande. Her er forresten ein blogg som skriv litt meir presist om dette enn eg: http://www.krundalen.no/blogg/?p=928. Når me veit at elevane ofte har ganske lite undervisning i det heile i sidemål, og at det finst ein del lærarar som helst vil unngå det, gjer det at eg fryktar at det å fjerna den særskilde vurderinga i sidemål vil føra til mindre undervisning. I tillegg til at det å seia at ein ikkje skal ha mål om at elevane skal verta like gode i sidemål som dei har vore før, vil vera å redusera nynorsken sin status i norskfaget og med det i skulen. Når det gjeld forsking, så siterer eg Eli Bjørhusdal, stipendiat i norskdidaktikk: «Forsking på språkskifte i andre språksamfunn med minoritetsspråk og majoritetsspråk viser òg at det fyrst og fremst er MEIR BRUK og HØGARE STATUS som kan hindre språkskifte.» http://www.jostedalsrypa.no/blogg/?p=2646.

    Eg òg har stor tru på nynorsken, men tenkjer samstundes at ei av årsakene til at det står såpass bra til, er statusen som offisielt, jamstelt språk, som er ein del av den ålmenne språkkompetansen (formelt og i varierande grad reelt). Det finst sjølvsagt fleire årsaker, som at det finst mange nynorskbrukarar som er glade i og stolte av språket sitt, osb, så eg meiner ikkje at absolutt alt står og fell med sidemålsordninga. men ganske mykje, då.

    Og eg likte namnet, og skrivinga, på bloggen din.

    Hei, Hallbjørg, tusen takk!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s