Nynorsk og nisseluer

Oppslaga om at femteklassingar ved ein skule i Drammen ikkje fekk gå i nisseluer på juleavslutninga la grunnen for høgstemde kjærleikserklæringar til norske tradisjonar. Sjølv om nisselua ikkje er noka norsk oppfinning, er ho kanskje eit spesielt verksamt symbol hjå oss: ein obligatorisk del av jula og i tillegg ein del av det kollektive minnet vårt om norsk sivil motstand under Krigen. Lua vart òg under siste EU-striden brukt som eit skjellsord frå ja-sida som neirørsla omfemnde kjærleg. Så kom ikkje her og ta nisselua frå oss, liksom.

Litt stillare har det vore rundt ei gruppe norsklærarar sitt arbeid for mindre nynorsk i norskfaget. Dei har samla underskrifter mot nynorsk (dei presiserer at det berre er skriftleg nynorsk dei har noko i mot, som på eit vis understrekar poenget sidan nynorsk er eit skriftmål). Ingen sa då: «Dette er bare ett bevis på att lærene i dag glemmer att det er Norge vi lever i» (Nettkommentar frå «Pat»). Torgeir Michalsen frå Arbeidarpartiet sa ikkje: «Selv om det ikke ligger vonde intensjoner bak dette, kan vi ikke viske ut alt som handler om årelange tradisjoner». Bente Thorsen frå FrP i Kyrkje- utdannings- og forskingskomiteen sa ikkje: «Dette er et trinn på veien for å utslette vår egen kultur».

På nyåret skal kunnskapsministeren leggja føringar for revidering av
læreplanane for norskfaget. Nyleg har Forum for norskfaget, sett ned av Utdanningsdirektoratet, levert ein delrapport. Der vert det mellom anna rekna opp positive konsekvensar for nynorsk av å ikkje ha eigen standpunktkarakter i sidemål. Argumentasjonen er at det skal verta meir nynorskundervisning av mindre eksplisitte krav til nynorskkompetanse. Det fylgjer opp godversvarianten av oppropet mot sidemål og Unge Høgre-retorikken: å sleppa å skriva nynorsk skaper meir glede over og kjærleik til nynorsken. Ungdom i nynorskområde som skriv nynorsk på skulen, dialekt på facebook til vener, men bokmål «når folk skal forstå» veit kor djup kjærleiken til nynorsk blant folk som ikkje skriv språket er, og tek personleg konsekvensen av det.

Kanskje me som bryr oss om nynorsk, anten me har det som fyrstespråk sjølve og/eller underviser og ser verdien av nynorskopplæring som opplæring i vår eigen, felles skriftkultur, har vore for redde for å ta i bruk dei store orda. Me seier «det kan vera lurt å læra litt nynorsk, du kan få bruk for det», i staden for å seia at nedgradering av nynorsken sin status i skulen er eit direkte åtak på språket vårt og på norsk språk. Det er eit samband mellom nynorskhatande kommentarar på nettet, nynorskforbod i Akersgata, skular som ikkje gjev nynorskopplæringa dei skal og læraropprop for mindre nynorsk: Det er arbeid for å utsletta.

Til slutt, ei taleøving: Nynorsk er, i tillegg til å vera fyrstespråket til om lag ein halv million menneske, ein del av skriftkulturen til alle oss som bur i Noreg og får opplæring i norsk skule. Nynorsk er ein del av skriftkulturen vår av di han finst og vert brukt av institusjonar og einskildmenneske på alle nivå, av di han har vore det i godt og vel 150 år, og av di den norske språkhistoria ikkje kan forteljast utan.

Nynorsk har òg nokre særlege kvalitetar som ikkje bokmål har, og som skulle gjera det interessant i eit skulefag som handlar om norsk språk: nynorsk er ei skriftnorm som medvite og systematisk har utgangspunktet sitt i norsk folkeleg tale frå heile landet, og synleggjer slik det som er felles i dialektane, og dessutan sambandet til den norrøne skriftkulturen. Nynorsk er ei skriftnorm med eit tilgjengeleg metodekapittel som er ope for ordskifte – som på ein annan måte enn bokmål gjer det mogleg å vera ein deltakar i språkutviklinga.

(Dette var altså fokustekst i Klassekampen veslejulaftan. Det går litt tregt i jula)

Advertisements
Dette innlegget vart posta under fagleg, målsak, politikk. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Nynorsk og nisseluer

  1. Takk for eit godt innlegg!
    For meg var dette viktig å lese, no kjenner eg at eg har nokon fine argument å slå i bordet i evinnelege diskusjonar med nynorskhatarar.

    Riktig godt nytt år til deg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s