Fanga i svevet 2: Semiotisk remediering

Dagny remedierer

I førre veka var eg på kurs og konferanse på Høgskulen i Vestfold om, mellom anna, semiotisk remediering. Remediering vil seia at ein hermar, gjentek eller siterer noko i eit anna medium eller ein annan modalitet, som til dømes å teikna eit eventyr eller skriva ned noko ein høyrer.

Innan sosialsemiotikken (men ikkje berre der) ser ein elevars semiotiske remediering som teikn på læring. Eg var på ein sesjon med Kristina Danielsson frå Stockholms universitet, som fortalde om eit forskingsprosjekt der dei utfrå eit sosialsemiotisk utgangspunkt såg på (mellom anna) kva elevane skreiv og teikna frå tavleundervisninga, og såg etter teikn på læring. Dersom elevane til dømes hadde gjort om teikninga læraren teikna til skrift eller hadde erstatta noko av skrifta med teikning eller hadde skrive ned noko av det læraren sa ved sidan av teikninga, altså hadde «herma» det dei hadde sett og høyrt med andre teikn på ein adekvat måte, så såg dei det som eit teikn på at elevane hadde forstått noko, og altså då lært. Vel, dei fann veldig få slike teikn. Elevane skreiv stort sett av det læraren skreiv og teikna. Og då vart det vel verande eit ope spørsmål for forskarane om elevane lærte noko.

Men: her om dagen då eg stressa for å få på ungane klede og gjera dei barnehageklare, hadde Dagny klart å stikka av opp i stova, og eg kom over henne midt i eit viktig arbeid. Som det kanskje går an å forstå av teikninga, hadde Dagny funne boka Venner i Drømmehagen og sett seg føre å skriva det som stod på framsida.

Målet hennar var altså avskrift. Men ser ein etter, ser ein at det er ikkje rein avskrift ho har gjort. Det som står med småe bokstavar på boka, har Dagny skrive med store på papiret. Denne operasjonen krev ei forståing av at bokstavar er representasjonar, og at store og småe bokstavar (i stor grad) representerer det same. Sjølv om Dagny ikkje kunne (eller ville, kva veit eg) lesa ordet høgt då eg overraska henne i arbeidet, syner ho gjennom denne remedieringa: småe bokstavar sitert som store bokstavar, at ho har forstått (og det vil vel seia lært?) noko om kva ein bokstav er.

Så eg må vel gje sosialsemiotikarane eit poeng. Men at det skal vera eit så stort arbeid å læra seg å skriva!

(Om nokon vil lesa meir om sosialsemiotikk og teiknskapande aktivitet som teikn på læring, kan dei kanskje prøva denne boka: Selander, S. and G. Kress (2010). Design för lärande – ett multimodalt perspektiv. Stockholm: Norstedts.)

Advertisements
Dette innlegget vart posta under fagleg. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s