Ei sky av velvilje

Når den kurdiske nabofamilien min set barnevogna i fellesgangen der det ikkje er lov å setja barnevogner, kjem dei gamle damene i oppgangen og kjeftar. Eg får aldri kjeft når eg set vogna der. I informasjonsbrevet frå burettslagsstyret vert det jamnleg referert framlegg som skal regulera tilgjenget til leikeplassen. I fjor var det framlegg om å forby leiking etter klokka 21, for det uroa ungar som skulle sova. Kva slags ungar er det som er ute på leikeplassen til klokka ni, og kva slags ungar er det som ikkje må uroast fordi dei skal sova då? Er dette ei melding frå kvite, norsk-norske foreldre til foreldre med innvandrarbakgrunn om å displinera ungane sine, eller er det sure pensjonistar som er mot all leiking og nyttar vikarierande argument?

Våre ungar er det ingen som klagar på. Ei av dei snille, gamle damene me har til nabo, kom med Lego til oss som barnebarna hennar var vaksne frå. Ei anna kom med klede som barnebarnet hennar var vakse frå. Og fru Hansen under oss vert alltid glad når ungane våre har kasta spadar og smokkar ned på altanen hennar og me må gå ned og ringja på og henta dei. Og fru Hansen vart ikkje sur på oss, berre litt fortvila, då det var vasslekkasje i kloakkrøyra bak badet vårt som øydela veggen hennar. Me er omgivne av velvilje, og det gjer det godt å bu nett her i denne blokka på Veitvet.

I lokalavisa les eg at det er utfordringar knytt til busetnadsmønsteret i nabogrenda, Linderud. Når «den opprinnelege befolkninga» vert gamle og flytter ut, flytter det inn ei aukande mengd barnefamiliar med minoritetsbakgrunn. Dette byr på utfordringar, så det skal ein no kalla saman representantar for bebuarane og bydelen for å diskutera.

Ein dag eg tok bussen med barnevogn, kom det innpå ei dame med skaut og barnevogn og tenkte å ta den tredje ledige barnevognplassen (for dei som ikkje er inne i det å ta buss med barnevogn, så er det på nokre bussar i Oslo slik at det er plass til tre barnevogner ved sidan av einannan på plassen som er reservert for barnevogn/rullestol). Men der, på klappsetet, sat det ei dame som ikkje hadde tenkt å flytta seg. Det er ikkje lov med fleire enn to barnevogner på bussen, sa ho. Og her tok den kvite mannen min ordet og sette i gang eit ordskifte som enda med at dama på klappsetet gjekk og sette seg ein annan stad og dama med barnevogn fekk vera med bussen. Men ingen såg surt på mannen min for det.

I riksavisene les me stendig om folk som lurer på om dei skal flytta frå dalen. Og så les me innspel om kva bydelen og andre skal gjera for at «etnisk norske» skal velja å busetja seg her. «Områdeløft» er ein metode. Nett no har bydelen eit prosjekt som heiter «Vakre Veitvet-Slettaløkka. Ditt ansvar», som er ein kampanje for at folk ikkje skal kasta bos på gata, men i bosspann. Det er greitt for meg, eg kastar jo ikkje bos på gata.

Velviljen frå dei søte naboane mine (som gjer meg oppriktig glad) vert spegla i avisene: Kor vellukka bydelen eller skulekrinsen er, vert mælt i talet på «etnisk norske» elevar ved skulestart. Det er slike som meg og mannen min som vert framstilte som redninga for Groruddalen. Ikkje av di me har høg utdanning, deltek i organisasjonslivet, er interesserte i kultur og tradisjonar eller andre fine ting ein kan seia om menneske, men: rett og slett av di me er «etnisk norske» og får barn med kvarandre, vert me borne fram på ei sky av velvilje.

Det offentlege ordskiftet om Groruddalen kunne ha handla om korleis ein kunne utvikla området best mogleg for dei som bur der.  I staden handlar det om kva ein kan gjera for å auka førekomsten av ungar med lyst hår og norskklingande etternamn. Då eg var tenåring, var det som antirasist obligatorisk å gå i fakkeltog mot rasisme på årsdagen for Krystallnatta. Dei siste åra har det ikkje vore slike markeringar.

(Gårsdagens fokustekst i Klassekampen. Om eg er for treg til å utnytta kjappheita i nettet, får eg i alle fall brukt arkivevnene)

—–

Sjå elles saka Deler inn elevene etter etnisitet, som på mange måtar understrekar poenget.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Groruddalen, politikk. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Ei sky av velvilje

  1. Eg kom inn hit gjennom Jostedalsrypa sin blogg, og vil berre nett takke for eit godt og treffande innlegg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s