Partyprinsane

Diskusjonane og spekulasjonane om den neste leiaren i SV får meg til å hugsa eit avisoppslag for nokre år sidan: Bilete av leiarane i dei politiske ungdomsorganisasjonane,  arm i arm, og det spesielle var at alle var kvinner.

No verkar det som bleikna fotografi frå unisex-barndomen på 1970-talet. I leiarkampane på den breie venstresida er det no kvinnefritt.

Kven er det som vart peikte ut som leiarkandidatar etter Kristin Halvorsen? Jo, det er Audun Lysbakken, Bård Vegar Solhjell og «utfordraren» Heikki Holmås. Det er sikkert råd å finna politiske skilnader mellom desse, men elles? Alle er sjølvsikre, veltalande, verdsvande, plettfrie, sjarmerande, pene i tøyet, meir eller mindre unge, og uansett: folk som gjer seg i selskap. Kven er den store Raudt-profilen om dagen? Jo, det er Bjørnar Moxnes, som deler alle desse eigenskapane. Og i Arbeidarpartiet er det sjarmørane Jens og Jonas som styrer. Bortsett frå alderen, kan ein seia det same om dei: Folk som gjer seg i selskap. Folk som ein tenkjer meistrar både å vera bordkavaler til dronning Sonja og kjømeister i eins eige brudlaup. Flinke folk, kjappe i replikken og på hogget i debattar, men aldri så frekke at det vert pinleg.

Dessutan er dei menn. I ungdomsorganisasjonane på venstresida er dei òg menn: både RU, SU og AUF har mannlege leiarar. I tillegg til å vera menn og ha ein del personlege eigenskapar som ein kan misunna, utmerkjer desse partiprinsane seg meir med sjarm og talegåver enn ved å gje uttrykk for empati, innleving og interesse for folk – og sjarm og talegåver er meir synleg enn sakkunne.

Med dette meiner eg ikkje å seia at desse mennene ikkje har innlevingsevne og sakkunne, men at det ikkje er det det retorisk vert satsa på hjå dei unge (halvgamle) og framstormande på den breie venstresida (utanom i den kollektive sorgprosessen etter 22. juli).  Ikkje noko engasjert og menneskeleg «eg tok visst for mykje Møllers tran», som er Kristin Halvorsens replikk. Inga Gerhardsensk eller Per Bortensk påkalling av felles erfaringar knytt til arbeid anten det er som arbeidar eller i landbruket, eller å ha opplevd krigen. Ikkje noko saksnørding – sakkunna vert alltid balansert med sjarm. Ikkje nokon uintelligent, men folkeleg identitetsskapande heimstadslojalitet, som me hugsar frå Kystpartiet og vegminister Kjell Opseth (for dei som hugsar han). Heller ein slags tilbakelent sjarm som berre menn ser ut til å meistra, og berre nokre menn.

Er det tilfeldig, eit historisk samantreff, at ein slik politikartype ser ut til å vera dei som står på steget til å ta over norsk venstreside?

Eller er det slik at det normale i verda er at det er menn som styrer politikken, og no har me opplevd ein historisk parentes som nærmar seg slutten? Då skulle det kanskje sett likt ut i nabolanda våre – men den danske breie venstresida ser ikkje ut til å mangla kvinnelege profilar. Etter valet i Danmark var det kvinner som vart framstilte som vinnarane: Helle Thorning-Schmidt frå Socialdemokratene, Johanne Schmidt-Nielsen frå  Enhedslisten og Margrethe Vestager frå Radikale Venstre. Men i Danmark er det kanskje mindre feststemning enn hjå oss.

Eller er det slik at me nett no i Noreg har ein politisk kultur som framelskar ein særleg type politikarar? Den sjarmerande unge mannen –  partyprinsen? Og i så fall: Kva seier det om oss? Korleis kan ein skildra ein politisk kultur som dyrkar fram ein slik type politikarar? Kva er det med oss på den breie venstresida nett no som gjer at det er dette me satsar på?

Er det sånn at den norske venstresida er lei av sure kjerringar, og no har tenkt seg på fest?

Dagens fokustekst i Klassekampen

Advertisements
Dette innlegget vart posta under politikk, tøys og fjas. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s