Fanga i svevet

Her har dotter mi Dagny – som eg fyrst skjøna morgonen etter – skrive kråke og teikna ei kråke:


Når ein les fyrst eine vegen og så hin, ser ein at det står kråke, berre at det manglar ein k. Det er altså ikkje ei tilfeldig samanstilling av bokstavar – det er meint å stå kråke her. Samstundes så må me jo innrøma at det står ikkje eigentleg kråke. Det skal ein del bakgrunnskunnskap til for å greia å lesa det (i alle fall når Dagny vart så fornærma over at eg ikkje greidde å lesa det at ho ikkje ville fortelja meg kva som stod), til dømes hjelper det å vita at me såg på Kråkeklubben på barne-tv den kvelden. Kråkeordet til dotter mi kan sjåast som noko som står og vaklar mellom å vera eit ord og eit ikkje-ord (berre ei samling bokstavar).

Eg hugsar at då eg lærte meg å lesa, var det slik at eg lærte meg ei bok utor og las henne om att og om att, og plutseleg, så såg eg at bokstavane stemde med det eg las, og eg visste at eg kunne lesa. Når eg ser på korleis Dagny skriv bokstavar og lærer seg å kjenna att ord og kor mykje tid det tek, innser eg at det å læra å lesa og skriva kanskje må ha vore ein større jobb enn eg hugsar for meg og.

Det som gjer dette nesten-kråke-ordet så fint, tykkjer eg (i tillegg til at det er mi eiga heilt fantastiske dotter som har skrive det), er at det syner dette som er imellom: «æåkr» er eit dokument frå sjølve skrivesvevet – det laaange svevet frå å vera mellom dei som ikkje kan lesa og skriva til å vera mellom dei som kan det.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under fagleg, tøys og fjas. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s