Barnearbeid

Vil du vita korleis det går med integreringa? Snakk med storesystrene.

Før har eg tenkt at integrering, det er norskkurs og gratis kjernetid i barnehagen. Når eg har hengt rundt på leikeplassane på Veitvet siste åra, har eg sett det frå ein annan kant. I vanleg språkbruk er det folk med minoritetsbakgrunn som vert integrerte, av «oss», det norske samfunnet. Slik det ofte er med passive verb, gøymer dette kven som må gjera jobben.

Då dotter mi på fire og eit halvt var på leikeplassen med far sin ein dag kom dei i snakk med nokre gutar som spurde kor gamal ho var og om ho gjekk på skulen, dei var kanskje ti år. Faren svara at ho skulle byrja om eit år. «Er ho god i norsk?», spurde gutane. Faren stussa litt, mest av di dotter vår har norsk som morsmål, så då har ikkje norskkunnskapane hennar vore noko me har trengt å tenkja på. Men for gutane på leikeplassen var det heilt tydeleg det. Dei hadde teke til seg retorikken frå det offisielle Noreg om at det viktigaste er å kunna norsk, og mælte seg sjølv og naboungane etter kor gode dei var. Og kanskje dei ikkje hadde noko val – kanskje dei veit at framtidsutsiktene deira kjem an på nett kor gode dei er i norsk. Skuleungar med minoritetsbakgrunn må gjera ein heilt annan og mykje større jobb enn norsk-norske. Men det vert sjeldan snakka om som det – me høyrer at barnehagar og skular «jobbar mykje med integrering og språkopplæring», men sjeldan om jobben ungar som desse tiåringane på leikeplassen gjer.

Ei anna eg har vorte kjend med som også jobbar med integrering, er storesyster til ein gut i barnehagen til dotter mi, ho er om lag ti år, som plar henta veslebror i barnehagen. Når me går heimover saman, fortel ho om kva ho held på med og er oppteken av, medan veslebroren hennar og dotter mi spring framom. Ho går på tamilsk dans og tamilundervisning. Av og til har ho lært meg nokre tamilske ord (som eg gløymer med ein gong utan at det får konsekvensar) og ein annan gong prøvde ho å læra meg den norske folkesongen Tippe tippe tue, som dei jobba med på skulen. Læraren hadde sagt dei skulle skriva ned ord dei var usikre på, så jenta song, og så kom ho til eit ord: «det er eg usikker på» og song litt vidare: «det ordet er eg usikker på». Med alle desse tinga ho lærer og gjer til sitt, som norske folkesongar og tamilsk dans, gjer denne jenta eit arbeid med å knyta saman kulturar. Og med alt det ho fortel meg og andre ho kjenner på veg heim frå barnehagen og det ho fortel heime om kva ho har gjort på skulen og ute, gjer ho ein viktig kulturformidlingsjobb. Som kanskje er vanskelegare for dei vaksne i familien hennar å gjera, sidan dei ikkje er like gode i norsk som henne og ikkje ferdast like sjølvsagt i desse norske barnehage- og skulestrukturane som ho er vaksen opp i.

Her i blokka er det òg storesystrene som kjem og bankar på om datamaskinen har kræsja og kanskje mannen min kan fiksa det. Og når eg har ringt på hjå naboen for å låna gjesteparkeringslappar når me har besøk, er det gjerne storesyster som har forklart mor eller far ærendet mitt.

Desse ungane skjønar kva krav som vert stilte til dei og gjer jobben med å verta gode i norsk og vera språk- og kulturformidlarar, gjerne i tillegg til å passa småsysken. Dei som er interesserte i korleis det går med integreringa, burde snakka med desse. Om ikkje anna så som eit supplement til dei som snakkar om kor vanskeleg det er å leva i same nabolag som folk med minoritetsbakgrunn. Det finst nokon som heller jobbar enn å klaga. Ein del av dei er ti år.

(dagens fokustekst i klassekampen)

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Groruddalen, politikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s