Gje meg betong

“Vi har en drøm: Bjerkebarnehagene – best i byen!” står det på nettsidene til bydelen vår. Eg har ungar i Bjerke bydel, Groruddalen: Utforskeren barnehage. Ungane trivst og me har vorte glade i barnehagen vår. Me har ikkje tenkt noko særleg over at han var ein såkalla brakkebarnehage, men vore glad for at han var ny og hadde pengar til å kjøpa inn leiker og bøker.

Inntil eg nyleg byrja kjenna meg som Jim Carrey i filmen “The Truman show”, då han oppdagar at alt rundt han er laga av papp. Eg skjøna at barnehagen min er ikkje som han er fordi han skulle byggjast raskt for å bøta på barnehagemangelen, men for at han raskt og enkelt skal kunna byggjast ned att.

Utforskeren barnehage vart opna i 2008, med tolv-fjorten avdelingar, flest i brakker og to på tidlegare Bredtvedt vidaregåande skule. Desse to skal leggjast ned til sumaren — sjølv om bydelen manglar 150 barnehageplassar — og ungane skal spreiast på barnehagar i bydelen.

Då me fekk plass i 2009, hadde bydelen ei brosjyre der dei skrytte av at barnehagen kunne bruka gymsal og naturfagrom frå Bredtvedt vgs. Eldstejenta mi og avdelinga hennar har hatt stor glede av å ha gym i gymsalen kvar onsdag. I fjor haust vart det slutt på det. Då starta oppussinga av skulen for at Bjerke vgs skal bruka han midlertidig i to år frå hausten. Då var det ikkje gymsal og naturfagrom i barnehagen likevel, då.

No i mai har dei som jobbar på avdelingane våre fortalt oss at personalisituasjonen til hausten ikkje er heilt klar, dei veit ikkje kven som kjem til å halda fram. I går fekk me brev frå barnehagen.

Ungane (og deler av personalet) som går på dei to avdelingane som skal leggjast ned i sumar, skal siste månaden før ferien spreiast på dei andre avdelingane, på grunn av oppussinga. Hadde bydelen hatt råd til å venta ein månad, kunne ungane i det minste fått ein roleg slutt på barnehageåret. Men dei vil ikkje venta. Då ein kjenning kom for å henta ungen sin ein dag, heldt dei på å riva taket i rommet ungane var i. Trygge og stabile omgjevnader er vel for nokon andre, då.

Heile personalet på avdelinga til sonen min sluttar. Assistentane hadde berre kontrakt fram til juni, fekk me vita. Vips, så er bydelen kvitt dei.

Då skjøna eg at barnehage i brakker og “ledige” bygg av denne typen ikkje finst for å få fleire barnehageplassar fort, men for å kunna fjernast og skalerast ned fort. Og at dei som jobbar her er tilsette på korte kontrakter for at det skal vera raskt og enkelt for bydelen å kvitta seg med dei. Bydelen manglar framleis barnehageplassar, så det er ingen tvingande grunn til å leggja ned plassar og kvitta seg med tilsette.

Er det slik at målet med barnehageutbygginga i Oslo er å sikra at ein ikkje har ein einaste plass meir enn ein er lovpålagd?

Eller er det berre slik at det å gje folk korte kontraktar, byggja opp og riva ned og såleis etablera ei grunnleggjande uvisse om framtida hjå ungar og vaksne berre er ei praktisk løysing, ein måte å slå to fluger i ein smekk på? Her kunne bydelen både utnytta eit bygg som sto tomt eit par år og få unna litt av barnehagekøen, og då er det irrelevant om ein løyser det på ein måte som gjev dårlege arbeidstilhøve for vaksne og ungar?

Samstundes klør politikarane seg i hovudet over utfordringane i Groruddalen. Dei lurer på om ikkje det er litt få parkar og norskkurs her, og smører pengar frå Groruddalssatsinga tynt utover bydelane. Kva med å heller satsa på stabile, grunnleggjande institusjonar? Kva med å gje folk som jobbar dagleg med integrering, samfunnsbygging og norskopplæring i institusjonar som barnehagen stabile arbeidsvilkår?

Gje meg heller ein barnehage i betong med fast tilsette enn endå ei ny stripe park.

(helgas Klassekampen-tekst)

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Groruddalen, politikk. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Gje meg betong

  1. Sivius seier:

    Knallbra skreve!
    Eg er så enig så enig!
    Bydel Bjerke og Norsk byråkrati på sitt beste!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s