Nerding: Kor harry er det å seia at digitale strukturar er bygde av bits medan fysiske er bygde av atom?

…og bruka det som eit slags grunnlag for å snakka om det digitale sin eigenart?

Er det:
A: litt misvisande, det er kanskje ikkje atomet som ville vera det beste nivået å samanlikna med. Kanskje molekylet?
B: er du heilt idiot, det er jo ein metafor!
C: er du heilt idiot, det er jo akkurat slik det er!

Dette byrja eg lura på då eg las ein elles veldig fin artikkel av nettsamfunnsforskaren danah boyd. Eg kan jo ikkje så mykje om det som skjer inni datamaskina, så eg er interessert i å verta belært.

Her er svaret frå Tarjei Vågstøl, som ofte freistar fortelja meg om sjela til datamaskinene:

Tja. Eg vil seia at det har ein dåm av 1980-talet over seg.

Den fyrste tanken min er at bits er totalt irrelevante for det meste vi gjer med datamaskina, og faktisk for dei aller fleste som programmerer. Det aller meste vi gjer med datamaskiner (inkludert å programmera dei) handlar om bytes, eller rettare: teikn. Det er teikn (som er lagra, og arkiverte som bytes, eller bitklyngar (normalt: 1 byte = 8 bit) som er det som ber med seg nesten alt det vi gjer i samhandling med datamaskina [litt viktig, kanskje, at det heller er teikn vi byggjer strukturar med, enn bytes].

For 20 år sidan var datamaskinene så veike at ein normal programmerer måtte kunne manipulera bits direkte, og i ein del tilfelle er slike bits viktige framleis.

HTML (og CSS), språket nettsider er skrive i, opererer vel berre på
teikn-nivå. Tenk deg denne rekkja:

bit > byte «> teikn > språk

mellom byte og teikn skjer det ein overgang, når ein byte «får meining». I maskinkode HAR sjølvsagt ein del bytes (og bits, for den del) tyding, sjølvsagt, nærast i form av å vera symbol.

Når vi skal programmera noko som har med tal å gjera, derimot, får bytes ei anna meining enn dei har når dei representerer tal. Då er vi nærare bit-nivået att, for datamaskina er god på å rekna. Det er altså skilnad på teiknet «1» og verdien 1; verdien 1 er ikkje eit teikn, men ein byte med verdi 1 (moglege verdiar 0-255 for 8 bits byte, 0-16383 for 16 bits byte osb).

Ein del programmeringsspråk har mykje magi for å gøyma dette for oss.

Men eg trur det er rettare å seia at teikn er grunneininga i informasjonsstrukturane våre på datamaskina, sjølv om datamaskina opererer og reknar med bits (eller bytes).

Har han rett, eller?

Advertisements
Dette innlegget vart posta under fagleg, tøys og fjas. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Nerding: Kor harry er det å seia at digitale strukturar er bygde av bits medan fysiske er bygde av atom?

  1. Mass seier:

    Det korte svaret er at digitale strukturar er fysiske
    strukturar og er difor laga av atomar.

    Men grunnen til at ein ikkje heilt kan kan avfeie Boyd med dette
    svaret er at digitale stukturar (eller datamaskiner som eg liker å
    kalle det) er ikkje kva fysiske strukturar som helst. Datamaskiner er
    (fysiske) maskiner som er spesifikt laga for å etterape ein abstrakt
    struktur vi kallar universell Turingmaskin. Difor er val av materiale
    (atoma) irrelevant for ei teoretisk forståing av datamaskiner. At dei
    er laga av silikatar er berre av praktiske omsyn (eller vilkårleg som
    ein kanskje ville kalle det på filosofisk).

    Problemet for Boyd er at valet av bits som grunnleggande eining for
    representasjon av data òg berre er av praktiske omsyn og difor like
    irrelevant (vilkårleg) som atoma.

    Svaret er altå B, med eit ganske harry val av metafor.

  2. Mass seier:

    Presisering: Med å seie at svaret er B meiner eg sjølvsagt ikkje at det er idiotisk å stille spørsmålet, men at det er mogleg å sjå på bits som ein metafor for at ein har abstrahert seg bort frå det nivået der dei fysiste eigenskapane til materiala datamaskina er laga av. Men det er ein idiotisk metafor og diverre ofte ikkje eingong metaforisk meint.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s