Storforlaga kjem til å døy, Samlaget overlever

Forlaget Gasspedal finst av di nokon har utruleg lyst til å gje ut gode bøker. Forlagshuset Cappelen Damm eksisterer av di nokon vil tena pengar på bøker. Og Samlaget finst av di det er viktig nok for mange nok at det kjem ut litteratur (nett no i form av bøker) på nynorsk. Litteraturomgrepet her femner sjølvsagt også om læremiddel, peikebøker og Oluf-bøker.

No liknar Samlaget på mange måtar vanlege forlag, og forlagsdirektøren i Samlaget er like redd for alternativ organisering av læremiddelproduksjon (som den fylkeskommunale produsenten av digitale læremiddel NDLA) som dei andre store forlaga. Sjefane i Samlaget skjelv nok i buksene saman med sjefane i dei andre storforlaga når dei tenkjer på “den digitale framtida”. Men Samlaget har litt mindre grunn til å frykta døden.

Diverre har dei tre storforlaga greidd å breia ut verdsbiletet sitt til den norske kultureliten: Korleis skal det gå med norsk språk og norsk ålmente dersom dei store norske forlaga ikkje kan overleva, eller, kva om dei er “nøydde” til å gje ut berre bestseljarar for å overleva?

Sjølv om forlaga, og avtaleverket deira med staten, i dag er garantistane for allsidig norsk litteratur, er det ikkje sikkert det er ein hest å satsa på særleg mykje lenger.

Posisjonen forlaga har i dag heng saman med at den fysiske bokproduksjonen og -distribusjonen har kravt slike institusjonar. Det er akkurat desse delane av litteraturproduksjonen som er utfordra av e-boka (sjølvsagt i ei framtid der teknologien er noko betre enn i dag og der kopisperrene som hindrar praktisk bruk er rydda or vegen). I dag er det dei etablerte forlaga som gjev ut dei fleste e-bøkene, og for mange forfattarar kan det nok vera ei grei ordning å få nokon andre til å omsetja tekst til pengar. Men det at alle no i prinsippet kan laga sine eigne bøker utfordrar statusen til dei etablerte forlaga.

Dimed vil forlaga mista den magiske auraen, og få vanskar med å forklara kvifor nett dei skal ha monopol på alt som gjeld seriøs publisering. Folk som ynskjer å publisera vil framleis ha bruk for kyndige folk som les og kjem med attendemeldingar, språkvask, korrektur, formgjeving og marknadsføring, men det er ikkje i like stor grad sjølvsagt at ein einskildinstans som forlaget skal ta ansvaret for alt lenger. Dimed vert det heller ikkje sjølvsagt at forlaga skal ha ein bestemt del av bokinntektene. Og dimed er forlagsdrift ein litt dårlegare forretningsidé enn det var for femti år sidan.

Dette er fyrst og fremst problematisk for dei forlaga som har profitt som fremste mål, og der kapitalen må gjera stendig nye krumspring for å sikra seg profitten sin når det ikkje lenger er sikkert kvar lesarane går, kvar forfattarane går eller korleis litteraturen kjem til å sjå ut, produserast eller kva slags kopirettar/åndsverksstatus han kjem til å vera utstyrt med. Då profittmoglegheitene til bokklubbane vart regulerte gauv forlaga laus på bokhandlane, slik at dei tre store no har kvar si bokhandelkjede. Det hjelper ikkje i lengda dersom bokkjøparane verkeleg skulle byrja å kjøpa digitale bøker over internett. Då kjem dei profittdrivne forlaga til å freista kontrollera internettet òg, og det er vanskeleg å gjera på same måten. Kva skal forlagskapitalen gjera då? Mitt tips er at han stikk.

Og medan dette dødsdramaet vert spelt ut, kjem dei som er opptekne av å utvikla og få ut viktig eller god litteratur, og som er finansierte av folk og institusjonar som er opptekne av det same, til å halda fram med arbeidet sitt. Som forlaget Manifest, Gasspedal og for den del Samlaget.

Og dette var dagens Fokustekst i Klassekampen, der under tittelen «Dødsdrama». Sjå elles ein litt meir intelligent diskusjon om dette på bloggen til Eirik Newth.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under politikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s