Prosjekt Groruddalen: Billeg omsorg

Meir om Groruddalen: Dette stod i Fokus-spalta i Klassekampen 11. april:

Eitt av samfunnsproblema i Groruddalen er prosjektfinansiering

Som innbyggjar i Groruddalen vert ein utsett for mykje omsorg gjennom Groruddalssatsinga og andre prosjekt.

Eitt av dei nyaste er eit prosjekt der to arkitektar har reist rundt og dokumentert tomme lokale i nærsenter i Groruddalen. Dette vart fyrst presentert på eit seminar i Oslo sentrum, og sidan under kulturveka “Kick off-uka” på Veitvetsenteret nyleg, der Erling Dokk Holm og Peter Butenschøn kunne fortelja kva som skulle til for at senteret kan verta eit lokalt sentrum. I fylgje lokalavisa var det semje om at senteret burde fyllast med kulturaktivitetar (me har trass alt eit nytt og fint kjøpesenter med alle butikkane me treng ein timinutts spasertur unna).

Godt poeng. Kva med å gjenopna Veitvet bibliotek, som vart lagt ned ein gong byen ikkje lenger hadde råd?

I Groruddalssatsinga er det lagt opp til mykje kulturaktivitet: ein skal skapa møtestader, ha kurs for ungdom og organisasjonar, sjå på moglegheitene for kulturhus, gje støtte til lys på leikeplassar osb. I rapportane står det at bydelane har brukt pengane til kulturtiltak mellom anna til å stø Granittrock, å etablera Bjerke nysirkus osb. Alt dette er flotte tiltak, og eg veit at det er veldig mange bra kulturfolk kringom i bydelane som står på, men det høyrest ikkje akkurat ut som ei satsing, meir som ei vanleg årsmelding frå eit kommunalt kulturkontor.

Groruddalssatsinga vert marknadsført som ei storsatsing – det står på heimesida at det skal brukast over ein milliard på Groruddalen! Kvifor kjennest det heile då så smått?

I den nyleg gjennomførte “Kick off-uka” var eitt av tiltaka ein midlertidig kafe. Eg har sakna ein kafe på senteret mitt, men ikkje akkurat ein midlertidig ein. Er det noko me har på nærsentra i Groruddalen, så er det kafear og butikkar som vert forsøkt starta opp og så lagde ned.

Kan dei ikkje berre gje oss eit bibliotek?

Eg mistenkjer at det kan dei ikkje, for eit bibliotek kan ikkje prosjektfinansierast på same måte som ein midlertidig kafe, ein støyskjerm ved motorvegen eller eit prosjektkontor. Eit bibliotek krev faste lokale, fast tilsette, faste boksamlingar og faste pengar kvart år.

Likeeins med folkehelse, som er eit anna satsingsområda. Bydelen min har “valt” å bruka sine pengar på Stork-prosjektet, som handlar om å fanga opp gravide med risiko for svangerskapsdiabetes og fylgja desse opp. Fint prosjekt. Men når helsestasjonen slit med at gravide ikkje får koma til svangerskapskontrollar hjå jordmor fordi dei ikkje har pengar til å setja inn vikarar ved sjukdom, når faste beibikontrollar ligg eit halvår på etterskot fordi dei ikkje har nok folk på jobb – då er det ikkje prosjektpengar som er svaret.

Eit tiltak det faktisk har vore brukt ein del pengar på i satsinga er gratis kjernetid i barnehagen for alle fire- og femåringar. Fint det òg. Samstundes les eg i avisa at bydelen manglar 150 barnehageplassar, og dessutan skal leggja ned to avdelingar i barnehagen min til sumaren. Dei to avdelingane er jo berre midlertidige, og har fått låna lokala til Bredtvedt vidaregåande skule når han ikkje har vore i bruk. No skal skulen takast i bruk att — midlertidig, av Bjerke vidaregåande, og vips – då må barnehagen ut.

Problemet for Groruddalen er at stabile, samfunnsbevarande nærmiljøfunksjonar som bibliotek, barnehageplassar til alle og nok bemanning på helsestasjonen, er vanskeleg å prosjektfinansiera. Og så lenge det berre er prosjektfinansiering og “satsingar” som er mogleg, kjem me til å ha eit dårlegare velferdstilbod enn vestkanten.

Så får me trøysta oss med det me har her: gode naboar, leikekameratar til ungane og eit utruleg aktivt organisasjonsliv.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Groruddalen, politikk, Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s