Hallo, Mamma, eg har det bra!

Sist onsdag kunne me lesa i gratisavisa Aftenposten Aften at sola er i ferd med å gå ned over Groruddalen, og at det er vorte vanskeleg å vera etnisk norsk her. Sanningsvitnet er Patrick Åserud, som i eit år har skrive debattinnlegg på nettet om at like born leikar best og at Noreg snart kjem til å verta overfløymd av innvandrarar.

Dottera til Patrick Åserud ser ut til å verta einaste etnisk norske elev når ho byrjar på den lokale skulen ein stad i Stovner bydel, og det uroar faren. Greitt nok.

Det som avslører at Patrick Åserud har eit større prosjekt enn eit betre skulemiljø for dottera si, er at han ikkje seier at det er vanskeleg å vera i mindretal som “etnisk norsk” på Furuset, eller ved den spesifikke skulen som dottera er innskriven på: Nei, han seier at det er vanskeleg å vera etnisk norsk i Groruddalen – der det bur over 150 000 menneske.

Vel, Patrick: Det får du ikkje seia i mitt namn. Eg bur òg i Groruddalen, og eg har det heilt fint.

Eg og familien min bur i Groruddalen, og manglar, som Åserud, innvandrarbakgrunn, men me har det bra. Me bur på Veitvet i Groruddalen (i rekkjehusblokkene, for å vera presis), med to ungar i barnehagealder. Ungane stortrivst i barnehagen, og alle kom då me arrangerte barnebursdag. Me har trivelege naboar, og på leikeplassen mellom husa leikar ungane i lag relativt uavhengig av kva land foreldra kjem frå, ser det ut til. I området kryr det av småbarnsfamiliar, både med norsk-norsk bakgrunn, og med tamilsk, pakistansk, kurdisk, vietnamesisk, austeuropeisk med meir. Eg har ikkje kjensla av at sola er i ferd med å gå ned.

Det er heilt sikkert sosiale problem her, som eg i mitt nærsyn på eigen familie ikkje har oppdaga. Det er òg ting eg skulle ynskt var betre: Til dømes har kommunen og staten i Groruddalssatsinga sett av pengar til ymse prosjekt for å gjera det betre å bu i Groruddalen: til no er det vel mest parkanlegg, eit prosjektkontor på Veitvetsenteret og ymse arrangement (som Kick-off-veka på Veitvetsenteret som denne vart laga til):

Problemet er at i satsinga er det ikkje pengar til stabile, langsiktige tiltak som bibliotek på Veitvet (det bur 6000 menneske her og det har vore bibliotek her før), betre bemanning og pengar til vikarar ved sjukdom på helsestasjonen, slik at ungane kan kallast inn til dei faste kontrollane når dei er i rett alder (som 15mnd-kontroll når dei er 15 månader og ikkje to år). Dessutan har bydelen vedteke å leggja ned to avdelingar i barnehagen vår når det manglar 150 plassar i bydelen. Så: Det er ting eg skulle ynskt var betre her eg bur, eg ynskjer meg stabile, integrerande nærmiljøfunksjonar som bibliotek, ordentleg bemanna helsestasjon og stabile barnehagar med plass til alle. Men det er vanskeleg å skulda på innvandrarane for at det manglar.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Groruddalen, politikk. Bokmerk permalenkja.

3 Responses to Hallo, Mamma, eg har det bra!

  1. Tilbakeping: Kom opp, kom opp frå den tronge dal at Tarjei Vågstøl

  2. nessie seier:

    Jeg bor på Linderud (murstensblokkene) og trives veldig bra. Bortsett fra noen tidvis sure pensjonister kunne det ikke vært bedre 🙂 Kjenner meg veldig lite igjen i de negative oppslagene om Groruddalen, som om det var étt nabolag liksom.

  3. gudrunkj seier:

    Godt poeng! Fint å sjå at me er fleire som trivst her i området

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s