Norsktime for Støre

Denne stod på trykk i Fokus-spalta i Klassekampen 26. februar, men sidan dei ikkje legg ut ting på internettet, får eg gjera det sjølv. Altså:

I fjor fekk eg vera med i ein norsktime i ein niandeklasse i Groroddalen, der det sjølvsagt var elevar med bakgrunn frå mange ulike land. I denne norsktimen las dei novella Skolegutt av Laila Stien. Det minte meg på at eg og hadde lese novella då eg gjekk på skulen, på nittitalet. Ho har vore ein del av norskkanon i mange år: Novella handlar om ein samisk gut som går på internatskule der det ikkje er lov å snakka samisk, og guten skjønar ikkje så mykje norsk.

Novella kulminerer då læraren bed guten lesa Fadervår: Guten byrjar fyrst på norsk, men det går fort i stå. Så prøver han fleire gonger, før han – som ein siste utveg eller på trass? – les heile bøna høgt på samisk.

I klassen eg var i snakka dei om korleis det var å ikkje få snakka språket sitt og å vera på skulen og ikkje skjøna kva dei andre sa. Eit par av elevane hadde eigne erfaringar å snakka om. Ein gut som hadde kome tml Noreg for nokre år sidan, og han sa at han kjende seg att i novella, han hata norsk, for han forstod ingenting, sa han.

Denne novella handlar om språktapet som Mattis og samane vart utsette for av den norske staten gjennom skulen, og den nedvurderinga av deira kultur og levemåte – av dei sjølve – som samiske born vart utsette for. Og det rettkomne opprøret Mattis gjer mot overgrepet ved å lesa Fader Vår på sitt eige språk, sjølv om læraren har sagt at det er norsk som er fellesspråket.

Denne novella er ikkje berre ein del av det me skal lesa i norsk skule av di Laila stien er ein god forfattar, men av di det har vore viktig for den norske statej å gjera det til ein del av det kollektive medvitet vårt i Noreg at språket vårt er ein viktig del av den me er og at det er ein rett å få tala sitt eige språk. Vidare: at det er eit overgrep når staten tek frå folk den retten, og den norske staten har gjort dette overgrepet mot det samiske folket. I slike lærdomar ligg det alltid ei “dette må ikkje skje att”-oppmoding. Dette har altså vore noko me har lært i norsk skule iallfall dei siste 20 åra.

No er eg redd denne epoken er over.

I framlegginga av rapporten frå integreringsutvalet til Arbeidarpartiet, seier Jonas Gahr Støre:

“Vi undervurderer ikke morsmålets betydning. Men vi legger klare føringer på at elevene skal over til norsk. De skal ikke henge igjen i en undervisning som begrenser muligheten til å lære norsk fullt og helt. […] Jeg tror det er enighet om at morsmål er viktig i visse faser, og om at norsk er viktig i samfunnet.” (Aftenposten Morgen, 8. februar)

Her er det ein annan logikk som gjeld: morsmålet er viktig i “visse faser” (heime på vidda?), men vi legger klare føringer på at elevene skal over til norsk. For i samfunnet er det norsk som gjeld. Her har den norske staten igjen ikledd seg lærardrakta frå Skolegutt.
Elevane sitt morsmål, dersom det er eit anna enn norsk, vert berre tilkjent verdi i den grad det fungerer som ein reiskap til å læra norsk. Det er klår tale frå integreringsutvalet til dei som skal integrerast: språket ditt er ikkje verdt nokon ting.
Dei fleste av oss som ikkje er arbeidarpartipolitikarar, veit at språket vårt er noko meir enn ein reiskap til å læra andre språk. Språket vårt er ein del av oss og betyr noko for oss. Difor vert me glade og kjenner oss velkomne når nokon er interessert i språket vårt (det veit gateseljarar i turistbyar verda over og seier tusen takk).
Men kanskje det ikkje er meininga til integreringsutvalet at folk skal kjenna seg velkomne. Her kjem ein grov påstand: Jo meir offentleg akseptert det er å nedvurdera ulike befolkningsgrupper sitt språk, jo dårlegare er det akseptert at samfunnet og staten behandlar nett desse menneska.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under fagleg, Groruddalen, politikk. Bokmerk permalenkja.

3 Responses to Norsktime for Støre

  1. Usj. Er det nokon som treng norsktime so er det Støre. Makan til tåkeprat hev eg ikkje høyrd på lengje! Den mannen kann ikkje prata.

    Elles er eg godt einig i innlegget ditt, eg berre trudde det kom til å handla um noko anna enn det gjorde 😉

  2. gudrunkj seier:

    norskfaget er ikkje berre stilistikk, veit du, det er også ideologi 😉

  3. Signhild seier:

    Særs bra innlegg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s