Støttefråsegn til egyptarane

Dei siste dagane, etter at ungane har lagt seg, har me sete klistra til dataskjermen for å få med oss siste nytt frå Egypt (ofte godt formidla av Lars Akerhaug i VG).

Då eg budde i Kairo eit knapt halvår for fem år sidan var det også val (som no i haust), det var demonstrasjonar for demokrati utanfor bygninga til Journalistforbundet som me deltok i, men strategisk i utkanten, slik at me ikkje skulle vera i mølja når politiet byrja laina opp dei blå lastebilane sine:

Demonstrasjon for demokrati i Kairo hausten 2005. Foto: Ingrid Baltzersen

Sjølv om det var val, visste alle at Mubarrak kom til å vinna. og plutseleg fekk diktet til Olav H. Hauge om to månar ny meining:

I dag såg eg
tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle.

Og kanskje endå meir etter spekulasjonane om at sonen til Mubarrak, Gamal, var tiltenkt presidentsetet etter far sin.

Sidan er inntrykket mitt at det berre har vorte verre for egyptarane: auka matvareprisar (som faktisk har noko å seia når dei fleste er fattige) og mindre politisk fridom. Ved parlamentsvalet i haust, då det vart meldt om ny rekord i politisk vald frå styresmaktene og valfusk, og då den største opposisjonsgruppa, Den muslimske brorskapen (som kan ha ei røynleg oppslutning på 20% jf Bjørn Olav Utvik i nettmøte på VG) i fylgje styresmaktene etter valet ikkje hadde fått inn ein einaste representant, tenkte eg: Dette har då verkeleg ikkje det egyptiske folket fortent. Er dette den velkjende dropen? Kva skjer no?

Og så fyrst (i fylgje norske aviser) – ingenting. Men etter opprøret i Tunisia: No skjer det verkeleg!

Eg har ikkje nokon nye analysar å koma med eller noko spesielt intelligent å seia, anna enn: Eg unner verkeleg egyptarane fridom! Og at eg har ein enorm respekt for at vanlege menneske vågar å gå ut og demonstrera for demokrati med fåre for eige liv på denne måten. Al Jazeera melder i kveld om over 100 drepne og 1000 skadde.

Eg vonar intenst at det går bra, at talet på drepne og skadde stoggar, at Mubarrak er mogleg å kasta og at egyptarane får denne sjansen til å byrja byggja eit demokratisk statssystem.

(Om du ser etter analysar, les gjerne denne frå Al Jazeera)

Advertisements
Dette innlegget vart posta under politikk. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s