Kva har me leksikon til?

Allkunne.no ved dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn går hardt ut mot Wikipedia av di Allkunne har funne ein Wikipedia-artikkel som er direkte og ukreditert avskrift frå ein artikkel i det nynorske nettleksikonet Allkunne. Dessutan har ein og same skribent på Wikipedia skrive av frå fleire Allkunne-artiklar, og i varierande grad kreditert Allkunne. Dette er brot på opphavsrettslova, hevdar Rotevatn, og difor krev Allkunne no 75 000 kroner i erstatning frå Wikipedia (1, 2)

Det juridiske kan ikkje eg seia noko om. Men saka får meg til å spørja meg sjølv: Kva har me leksikon til? Og spesielt eit ope tilgjengeleg, gratis, delvis offentleg finansiert nettleksikon om nynorsk kulturhistorie? Er det ikkje for at skuleelevar og andre amatørar skal ha ein stad å henta såkalla autorisert kunnskap? Er det ikkje for at folk skal skriva av?

Då ideen om nettleksikonet Allkunne vart lansert, var ein viktig del av argumentasjonen at skulen og skuleelevar trong faglege nettressursar på nynorsk. Nettleksikonet har altså heilt frå starten operert med ei legitimering som gjeld omsynet til ålmenta og det felles beste, konkretisert ved skuleelevane sine behov. Det er ei grunngjeving eg stør fullt ut. Grunngjevinga har ikkje vore at dette er eit snedig nynorsk forretningstiltak. Det er heller ikkje slik at Allkunne sel artiklar eller tilgang til sida.

Allkunne er laga for å spreia kvalitetssikra informasjon på og om nynorsk, og har då fornuftig nok valt å gjera det gratis å lesa og organisert finansieringa på ein slik måte at det er mogleg. Difor vil leksikonet heller ikkje lida noko økonomisk tap ved at nokon har skrive av tekstar derfrå. Men det er dette med æra, då.

Sjølvsagt er det ikkje akkurat det same at eit leksikon har skrive av frå eit anna leksikon (og delvis utan å kreditera) som at ein privatperson har gjort det. Så seier då òg representanten frå Wikipedia, Jarle Vines, at dei kunne jo berre ha kontakta oss, så skulle me sett på artikkelen og fjerna han om det var plagiat. Slikt skjer på Wikipedia heile tida, og slikt lukar dei jamleg i. Så var det kanskje ikkje slik at det var nok interesse i Wikipedia-miljøet for den aktuelle salmediktaren til at nokon sjekka om ikkje dette stod ein annan stad. Feil skjer, og det er det råd å rydda opp i.

Dei andre døma Rotevatn nemner er det verre å lata seg hissa opp av. Fleire artiklar (skrivne av til saman ein wikipediaskribent) som liknar avskrift, og der noko er kreditert, men ikkje tilstrekkeleg. Kanskje wikipedia burde gå gjennom nokre rutinar – men likevel: Eit leksikon som stevnar folk for å skriva av? Kva er eit leksikon utan folk som skriv av frå det? Jo, det er uopna og ulese.

Difor – det Allkunne.no burde gjera er å modernisera kontraktverket sitt slik at det er råd for dei å gå gjennom dei aktuelle artiklane med Wikipedia og syta for at dei er krediterte med både forfattar og verk, altså vanlege fulle referansar. Ein inspirasjon kunne vore den frie lisensen mykje av stoffet på Store Norske Leksikon er lagt ut under:

Dette innholdet er gitt såkalt fri rettighet (lisens). Det vil si at opphavsmann (forfatteren) gir deg rett til å gjenbruke, kopiere, endre og videreformidle innholdet fritt så lenge a) du deler på samme vilkår, dvs. gir nye gjenbrukere den samme rettigheten (lisensen), og b) du krediterer opphavsmannen og Store norske leksikon som hhv. opphavsmann og kilde. Den siste forpliktelsen oppfylles ved at du oppgir en lenke til selve artikkelen her på storenorskeleksikon.no.

Så burde Allkunne vera glade for at stoffet deira vert spreidd på Wikipedia – sidan alle, også redaktøren i Allkunne, reknar eg med, veit at det oppslagsverket norske skuleelevar brukar i arbeidet sitt, er Wikipedia.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under målsak, politikk. Bokmerk permalenkja.

3 Responses to Kva har me leksikon til?

  1. rypa seier:

    Yes!

    Og folket vil ha meir tekst, Kulejuuhl!

  2. Gudrun seier:

    Takk!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s