monolog

Eg merkar at samtale vert stendig vanskelegare. Er det at eg er for mykje åleine på kontoret og heime med ungane mine, eller er det hausten?

Det vert snakka og skrive mykje om det dialogiske ved digitale medium (som eg kunne ha referert her), men eg trur, heilt personleg og privat, at noko av suksessfaktoren til bloggen er moglegheitene for offentleg monolog. Har du ein blogg kan du snakka uforstyrra, samstundes relativt synleg. Me som berre vert stille når onkel kåre (eg har ingen onkel kåre, det var eit arrangert døme) kjem og set seg ned og byrjar med grisevitsane sine igjen, på bloggen er det endeleg vår tur. Og om nokon vil kommentera, må dei venta til me har snakka ferdig.

For folk som oss, er dette ein knakande god vits (frå ei lærebok i arabisk): «I like to go to the cafe, except when Boutros is there. When he speaks, no one else can speak.»

Difor trudde eg fyrst at bloggar fyrst og fremst kom til å vera populært mellom folk som likar å snakka og skriva langt utan å verta uroa, men så snart eg hadde tenkt det, kom fjortisane.

Advertisements
Dette innlegget vart posta under fagleg, tøys og fjas. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s