Far min vs Kristin Halvorsen
«Vil de gjøre ungdommen språkløse?» sa far min. Han ringde meg ein av dagane etter at Kristin Halvorsen hadde lansert framlegget om å svekkja sidemålsopplæringa. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle svara.
Far min er 70 år og bergensar. Han har aldri lært nynorsk på skulen, korkje som hovudmål eller sidemål, for han gjekk ikkje på gymnaset. Det meste av arbeidslivet sitt har han arbeidd i Trygdeetaten i Hordaland, i Bergen og på Askøy. Kvifor skulle han bry seg om nynorsk?
Ein av dei mange kranglane eg hadde med far min då eg var mindre handla om nynorsk. Kanskje eg var tolv år, me stod og vaska opp på hytta. Eg hadde høyrt på radioen at professor Finn Erik Vinje var mot nynorsk. Pappa trudde ikkje på meg: Ein professor i norsk språk kunne då ikkje vera mot nynorsk!
Kristin Halvorsen og utdanningsdirektoratet seier at mange elevar og lærarar tykkjer det er vanskeleg og ikkje noko gøy med skriftleg opplæring i sidemål, så då må dei få sleppa det. Dei seier og at det einaste ungdomane skulle kunne ha bruk for sidemål til, er om dei får ein jobb i det offentlege som krev slik kompetanse, og det er det jo ikkje så mange ungdomar som ser føre seg.
Til dette svara altså far min, den tidlegare trygdesjefen: «Vil de gjøre ungdommen språkløse»?
I Trygdeetaten er ein underlagd mållova. Når far min og kollegaene hans fekk brev på nynorsk, svara dei på nynorsk. I og kring Bergen kommune er det ein del nynorskbrukarar, så far min har nok skrive nokre brev på nynorsk. For han var det ein del av jobben, og ein føresetnad av den todelte lojaliteten som tilsett i velferdsstaten: lojalitet andsynes staten og lovverket, og andsynes brukarane (som han seier). Dessutan mistenkjer eg at i det å ha lært seg å meistra nynorsk bra nok til å bruka det når arbeidet krev det, ligg ei viss stoltheit.
Den premissen utsegna til far min kviler på, og den språklege praksisen hans i Trygdeetaten, er at nynorsk tilhøyrer også dei som ikkje har hatt det som hovudmål på skulen. At nynorsk er ein del av språket til oss som bur i Noreg, anten me har lært det på skulen eller ikkje. Og at ved å ta bort den ålmenne opplæringa i nynorsk frå skulen, gjer ein «ungdommen» språklaus. Far min har tileigna seg språket på eiga hand, gjennom å ha ei nynorskbrukande kone, nynorskbrukande ungar og ei fast stilling i staten som har kravd nynorskbruk av han. Fordi han har tileigna seg nynorsken, er han i stand til å sjå at det er noko som er verd å ha, og at å fjerna opplæring i språket såleis er å ta noko frå «ungdommen»: ein del av språket deira, anten dei vil ha det eller ikkje.
Den verdsåskodinga far min her talar frå, er truleg absurd for Kristin Halvorsen og utdanningsbyråkratane hennar. Hadde dei delt denne måten å sjå verda på, hadde dei handla annleis. Det er ikkje ei verdsåskoding som dominerer i ålmenta, men kanskje nett difor verd å dra fram som mogleg: at fordi me bur i Noreg, er nynorsk ein del av språket vårt, som det er eit ideal å både verna om og å meistra i skrift sjølv. Og at dette ansvaret for å verna om språket ligg ekstra tungt på dei som representerer staten eller «det offisielle Noreg»: anten dei er trygdefunksjonærar, lærarar, universitetsprofessorar eller utdaningsbyråkratar. Eller ministrar, kunne ein seia.
Dessutan ser eg, som nynorskbrukar: Di fleire som tenkjer slik som far min, og ser nynorsk som ein del av språket til alle i Noreg, og opplæring i nynorsk som ein sjølvsagd del av opplæringa i norsk språk, di lettare og trivelegare vert det å vera nynorskbrukar. Grunnen er enkel: respekt.
(dagens fokustekst i klassekampen)

![kråke_20110929[1]](http://gudrunkj.files.wordpress.com/2011/09/krc3a5ke_201109291.png?w=300&h=228)